Wehneltbrytar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wehneltbrytar er ei innretning som kan bryte og slutte elektrisk straum fleire tusen gonger per sekund, og vert mellom anna brukt i gneisteinduktorar. Innretninga består av ein elektrolytisk celle med blykatode og platinaanode (i form av ein spiss) i fortynna svovelsyre. Straumen dannar straks ei blære av vassdamp og knallgass ved anoden. Blæra stoppar straumen, men eksploderer på grunn av gneisten som blir danna, og straumen startar igjen.

Brytaren vart oppfunnen i 1899 av den tyske fysikaren Arthur Rudolph Berthold Wehnelt (1871–1944), som er særleg kjent for sine banebrytande undersøkingar og oppfinningar innanfor røntgenteknikk og elektronikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«wehneltbryter» i Store norske leksikon, snl.no.