Werd i Bodensjøen
| Werd | |
|---|---|
Werdøyane |
|
| Geografi
|
|
| Stad | Bodensjøen |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 0.016 km² |
| Lengd | 0.19 km |
| Administrasjon | |
| Land | Sveits |
| Kanton Kommune |
Thurgau Eschenz |
Werd er ei den største øya i den vesle øygruppa Werdøyane vest i Bodensjøen like før Hochrhein forlet innsjøen. Han ligg i det sveitsiske området mellom Stein am Rhein og Eschenz.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Werd var alt busett 5000 f.Kr. med styltehus. Steinreiskap frå mellomsteinalderen av jeger-samlarar er funnen på øya. Mellom 1931 og 1935 vart det gjort utgravingar på øya under leiinga til Karl Keller-Tarnuzzer.
Vinteren 2005/2006 var tørr og vassnivået i Bodensjøen fall særs lågt. Dette avdekka store område ved breidda og nokre førhistoriske gjenstandar.
Sankt Othmar, den første abbeden i St. Gall-klosteret vart sendt i eksil til Werd i 759. Han døydde på Werd den 16. november dette året. St. Othmar-kapellet på øya vart reist til minne om han på 1400-talet.
Øya er i dag eigd av benediktinske Einsiedeln-klosteret. Det vert i dag leigd ut til fransiskanarordenen.
Øygruppe [endre]
Werd er den største øya i ei lita øygruppe. Ho har eit areal på 1,59 hektar og ligg i kommunen Eschenz. Ho er knytt til fastlandet via ei 125 meter lang trebru.
Dei to mindre øyane i gruppa ligg i kommunen Stein am Rhein i Kantonen Schaffhausen. Dei er ikkje busett og er ein del av eit natur- og fuglereservat.
Galleri [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Werd (Lake Constance)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Heinz Finke: Inselspaziergänge. Werd, Liebesinsel, Reichenau, Mainau, Dominikanerinsel, Lindau., 1991, ISBN 387685122X
- Karl Keller-Tarnuzzer: Die Inselleute vom Bodensee, 1935