Kantonen Schaffhausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Schaffhausen
Tysk: Schaffhausen
Fransk: Schaffhouse
Italiensk: Sciaffusa
Retroromansk: Schaffusa
Wappen Schaffhausen matt.svg
Våpenet til Schaffhausen
Karte Lage Kanton Schaffhausen 2013.2.png
Kart som viser kor i Sveits Schaffhausen ligg.

Hovudstad Schaffhausen
Folketal 76 356 (2011)
Areal 298,42 km²
Folketettleik 256/km²
Forkorting SH
Kanton sidan 1501
Høgaste topp Hagen (912 moh)
Landskap ved Dörflingen
Kommunekart over Schaffhausen

Schaffhausen er den nordlegaste kantonen i Sveits. Han har eit areal på 298 km2 og hadde 75 657 innbyggarar i 2009. Byen Schaffhausen er hovudstad i kantonen.

Schaffhausen er den einaste kantonen i Sveits som praktiserer røysteplikt.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kantonen er både i vest, nord og aust omkransa av delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. Schaffhausen har grense til kantonane Zürich og Thurgau. Nesten heile kantonen ligg på nordsida av Rhinen, som er grenselinje mellom Schaffhausen og dei førnemnde kantonane. Schaffhausen består av tre åtskilde landområde, eitt stort og to små. Dei to små ligg høvesvis i aust og i sør for hovudområdet. Ramsen og Stein am Rhein ligg i aust, medan Rüdlingen ligg i sør. Ein tysk enklave, Büsingen am Hochrhein, ligg inneklemt mellom kantonane Schaffhausen, Thurgau og Zürich. Størsteparten av kantonen ligg på eit platå, der høgste punktet er 912 meter over havet.

Demografi, språk og religion[endre | endre wikiteksten]

21,9% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Tysk er offisielt skriftspråk og dominerande talemål i Schaffhausen, den lokale dialekta høyrer til høgalemannisk. 50% av innbyggarane er knytt til protestantiske kyrkjesamfunn, medan 24% soknar til den romersk-katolske kyrkja.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Schaffhausen er i 2011 delt inn i 27 kommunar; Bargen, Beggingen, Beringen, Buch, Buchberg, Büttenhardt, Dörflingen, Gächlingen, Guntmadingen, Hallau, Hemishofen, Lohn, Löhningen, Merishausen, Neuhausen am Rheinfall, Neunkirch, Oberhallau, Ramsen, Rüdlingen, Schaffhausen, Schleitheim, Siblingen, Stein am Rhein, Stetten, Thayngen, Trasadingen og Wilchingen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Schaffhausen gjekk i 1454 inn ein allianse med seks av kantonane i det sveitsiske eidsforbundet. Alliansen vart i 1478 også omfatta Uri og Unterwalden. År 1501 gjekk Schaffhausen inn i det sveitsiske eidsforbundet og vart ein eigen kanton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kanton Schaffhausen
Wikisource

Originaltekst av Kantonen Schaffhausen ved Wikisource.


Kantonane i Sveits Det sveitsiske flagget
Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich