Fransiskanarordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fransiskanarordenen

TypeKatolsk religiøs orden
Skipa1209, 1968
GrunnleggjarFrans av Assisi
HovudkontorVia S. Maria Mediatrice 25,
Roma i Italia
Minister-generalMarco Tasca
Motto«Pax et Bonum» ('Fred og godheit')
Nettstadhttp://www.ofm.org Sjå dette på Wikidata
Oppløyst2008

Fransiskanarordenen er ein katolsk religiøs orden som blei grunnlagt av Frans av Assisi i 1209. Den viktigaste fransiskanarordenen er Ordo Fratrum Minorum (O.F.M.). I tillegg til dei katolske fransiskanarane finst det òg gammalkatolske, anglikanske og økumeniske fransiskanargrupper.

Namn og greiner[endre | endre wikiteksten]

Fransiskanarordenen og andre fransikanarrørsler er disiplar av den heilage Frans av Assisi, her måla av El Greco.

Namnet «fransiskanar» kjem av «Franciscus» ('Frans'). Frans av Assisi kalla følgjesveinane sine Fraticelli, 'småbrør'. Det offisielle namnet på ordenen er på latin Ordo Fratrum Minorum, 'Ordenen åt småbrørne'. Denne er i dag delt inn i tre greiner; Ordo Fratrum Minorum (OFM), Ordo Fratrum Minorum Conventualium (OFM Conv.) og Ordo Fratrum Minorum Capuccinorum (OFM Cap.), Kapusinarordenen

Den andre fransiskanarordene omfattar kvinner og blir kalla Klarissene (Ordo Sanctae Clarae, OSC) etter Klara av Assisi.

Det finst også ei tredje, talrik grein som omfattar både folk av begge kjønn som kan leva tilbaketrekt i klostersamfunn eller «sekulært», ute i samfunnet. Dei latinske namna er Tertius Ordo Regularis og Ordo Franciscanus Saecularis.

Nokre av fransiskanarane er blitt kalla «Gråbrørne», engelsk Greyfriars, på grunn av gråfargen på ordensdrakta si.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1209 blei Frans av Assisi så rørt av ei preike over Matt. 10:9 at han bestemte seg for å via livet sitt til apostolisk fattigdom. Han kledde seg i simple klede og byrja preika om anger. Ein framståande mann i Assisi, Bernard av Quintavalle, slutta seg snart til han. Fleire slutta seg til, og dei levde eit asketisk og fattigsleg liv i Umbria i området rundt Assisi. Den kvinnelege greina av ordenen, Klarissene, blei grunnlagt allereie i 1212–1214 av Klara av Assisi.

Freske frå 1200-talet av ein bedande fransiskanar, kanskje han som vigsla kyrkja, i Nørre Alslev kyrkje.

Den opphavlege ordensregelen, som blei skriven av Frans av Assisi, er gått tapt. Den eldste bevarte regelen er den som blei skriven om og godkjent av pave Honorius III i 1223. Regelen var radikal, då han kravde ikkje berre personleg, men også kollektiv fattigdom. Dette medførte at brørne ikkje kunne eige noko, og måtte livnære seg ved tigging eller si eiga arbeidskraft.

Etter kort tid byrja brørne å opprette faste ordenshus som ei følgje av vekst i ordenen, og då blei kravet om kollektiv eigedom vanskeleg å følgje. Majoriteten innførte ein ny tolking av regelen, som tok omsyn til omstenda. Mindretalet, kalla spiritualane, kravd at regelen skulle tolkast bokstaveleg. Pave Johannes XXII dømde til fordel for majoriteten i 1317 og 1318, og tillét dermed kollektiv eigedom. Mange av spiritualane forlét ordenen, og blei kjende som Fraticelli.

Fransiskanarmunk og -biskop i Brasil.

I 1321 oppstod ein skarp debatt mellom fransiskanarane og dominikanarane over spørsmålet om Jesus Kristus og apostlane hadde hatt eigedom eller ikkje. Kombinert med Svartedauden rundt midten av det 1300-talet og det store vestlege skismaet 1378–1417 førte dette til ein nedgang for ordenen. Den blei då splitta mellom dei konventuelle og dei observante. Sistnemnde kravd ein streng tolking av regelen. I 1517 blei det erklært av de observante var den verkelege fransiskanarordenen, og dei konventuelle blei ein eigen orden.

Ei ny reform i 1529 førte til opprettinga av kapusinarordenen. Fleire mindre splittingar følgde, med nye ordensgreinar som Dei reformerte, Rekollektane og Dei uskodde. Dette førte til ytterlegare nedgang for ordenen, fram til pave Leo XIII slo saman dei små greinene med moderordenen igjen.

Fransiskanarar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Per 2010 fanst det ein mannleg fransiskanarkommunitet tilknytt St. Franciskus Xaverius kirke, og klarisser ved Høysteinane kloster i Larvik.

Framståande fransiskanarar[endre | endre wikiteksten]

Tidlege framståande fransiskanarar var teologane og tenkjarane Aleksander av Hales, Bonaventure, John Duns Scotus, Roger Bacon og mystikarane og forkynnarane David av Augsburg og Berthold av Regensburg.

Andre kjende fransiskanarar var Antonius av Padua, William av Ockham, François Rabelais, Alexander av Hales, Giovanni da Pian del Carpini, Pio av Pietrelcina, Maximilian Kolbe, Pasquale Sarullo, Mamerto Esquiú, Gabriele Allegra, Junipero Serra og Mychal F. Judge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]