Werder Bremen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klubbmerket til Werder Bremen

Sportverein Werder Bremen von 1899 e. V. er eit idrettslag i Bremen i Tyskland, skipa 4. februar 1899. Laget har i dag vel 39 100 medlemer. Fotballklubben Werder Bremen, ei avdeling i drettslaget, spelar i Bundesliga, toppdivisjonen i tysk fotball.

Werder har vunne fire seriemeisterskap og cupmeisterskapen, DFB-pokalen, ved seks høve. I 2004 sigra laget i begge desse tevlingane og tok ein historisk dobbelsiger. Werder Bremen vann Cupvinnarcupen i 1992 etter 2-0 over Monaco FC, norske Rune Bratseth hadde då ei viktig rolle som midtstoppar for det tyske laget. Werder nådde i 2009 finalen i den aller siste UEFA-cup-turneringa. Her vart det etter ekstraomgangar tap 1-2 for det ukrainske laget Sjakhtar Donetsk.

Werder Bremen spelar heimekampane på Weserstadion, eit stadion med plass til 42 500 tilskodarar. Laget spelar i grøne og kvite drakter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]