Sjakhtar Donetsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjakhtar Donetsk

Skipa1936
KallenamnKroty
HeimebaneDonbas Arena
(flytta til Metalist stadion i Kharkiv på grunn av tryggleikssituasjonen.)
Kapasitet52 187
LigaPremyer-Liha
LandUkraina
ByDonetsk
EigarRinat Akhmetov
Anna2020/21: nr.2 i Premjer-liha
StyreleiarRinat Akhmetov
HovudtrenarFlagget til Italia Roberto De Zerbi
Heimedrakt
Bortedrakt
Brasilianaren Jádson set inn sigersmålet då Sjakhtar vann 2-1 over Werder Bremen i UEFA-cupfinalen 20. mai 2009

FC Sjakhtar Donetsk (ukrainsk ФК «Шахтар» Донецьк) er ein fotballklubb i Donetsk i Ukraina, skipa 24. mai 1936.

Sjakhtar vart den fyrste og einaste ukrainske klubben som vann UEFA-cupen, då han i 2009 gjekk til topps i den siste fotballturneringa i sitt slag; UEFA-cupen vart deretter erstatta av Europaligaen. Av andre ukrainske fotballklubbar er det einast Dynamo Kiev som har sigra i ei stor UEFA-tevling.

Sjakhtar er ein av dei eldste klubbane i Ukraina. Klubben er kulturelt samanvoven med den tungt industrialiserte og russifiserte Donetsk-regionen i det austlege Ukraina. Den har vore med i seriefotball heilt tilbake til den gongen det sovjetiske seriesystemet for fotball vart sett i gang. Sjakhtar vann den sovjetiske cupmeisterskapen i to år på rad, 1961 og 1962, og på ny i 1980 og 1983. I perioden 2002 til 2014 har klubben sikra seg ni ukrainske seriemeisterskap, medan den har vunne like mange cuptitlar i tida 1995-2013.

Klubben spelar heimekampane på Donbass Arena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sjakhtar Donetsk