Weyprechtfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 72°0′S 13°30′E
Weyprechtfjella
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 72°0′S 13°30′E
Administrert under Antarktistraktaten
Weyprechtfjella is located in Antarktis
Weyprechtfjella (Antarktis)

Weyprechtfjella (tysk Weyprechtberge) er ei lita gruppe fjell kring 15 km vest for Payerfjella, og ho utgjer den vestlege halvdelen av Hoelfjella i Dronning Maud Land. Dei vart oppdaga av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–1939), leia av kaptein Alfred Ritscher, og kalla opp etter Karl Weyprecht, ein austerriksk polfarar som i lag med Julius Payer oppdaga Franz Josef Land i 1873 og som sett i gang ein ekspedisjon under det første Internasjoanle polaråret i 1882-83.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Weyprecht Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).