Whitesands Bay i Pembrokeshire

Koordinatar: 51°53′40″N 5°17′45″W / 51.89444°N 5.29583°W / 51.89444; -5.29583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Whitesands Bay og Carn Llidi
Whitesands Beach

Whitesands Bay (walisisk Porth-mawr) er ei bukt og ei sandstrand med Blått Flagg-sertifisering i St Brides Bay i Pembrokeshire Coast nasjonalpark i Wales.[1] Stranda ligg om lag 3 km vest for den vesle byen St. Davids og om lag 1,5 km sør for St Davids Head. Stranda er skildra som den beste surfestranda i Pembrokeshire.[2]

Området nordaust for bukta er dominert av ei stor klippe på 181 meter over havet,kalla Carn Llidi. [3]Pembrokeshire kyststi går langs bukta og vidare til dei meir avsidesliggande buktene i Porthlleuog og Porthmelgan, som ein berre kan nå til fots. I sør fører stien til Porthselau og St. Justinian's.

Det er sagt at St. Patrick hadde eit syn om å konvertere Irland til kristendomen her og sette segl ut bukta på 400-talet.[4] Det ligg eit keltisk kapell, tileigna St. Patrick, nær bukta.[5] Når fjøra er ekstra låg kan ein sjå spor etter ein eldgammal skog som er lagt under vatn.[6]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ukattraction.com
  2. Pembrokshire
  3. Whitesands to Abereiddi, arkivert frå originalen 6. januar 2007, henta 11. januar 2010 
  4. Pembrokshire Coast path
  5. cambria.org, arkivert frå originalen 16. desember 2010, henta 11. januar 2010 
  6. walkingbritan.co.uk

51°53′40″N 5°17′45″W / 51.89444°N 5.29583°W / 51.89444; -5.29583