Blått Flagg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blue Flag Logo.svg
Badeplass i Kroatia med Blått Flagg.

Blått Flagg er ei internasjonal miljøsertifisering som vert gjeven til badeplassar og småbåthamner som oppfyller visse krav om vasskvalitet, tryggleik, service og miljøinformasjon. Blått Flagg-sertifiseringa starta i 1985 i Frankrike for å verne om marine miljø. Under det europeiske miljøvernsåret 1987 vart Blått flagg oppretta fleire stader i Europa. I dag leier organisasjonen Foundation for Environmental Education, FEE, arbeidet.

Ein må søkje om statusen kvart år og stader som får statusen kan heise det blå flagget.

I 2009 hadde Bystranda og Hamresanden i Kristiansand og Storøyodden i Bærum, samt fleire båthamner på Sør- og Austlandet Blått flagg-sertifisering. Den norske Blått Flagg-sesongen varer frå 23. juni til 31. august.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]