Wienerbekkenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wienerbekkenet (tysk Wiener Becken, tsjekkisk og slovakisk Vídenská kotlina) er eit sedimentasjonsbasseng mellom Alpane og Karpatane. Meir enn halvparten av Wienerbekkenet ligg i Niederösterreich, medan resten er delt mellom Tsjekkia og Slovakia.

Det forholdsvis flate området er nokså langstrakt, og er 50 km breitt og 200 km langt.

Frå Chvojnica-åsane.

Bekkenet er vidare delt inn i:

  • Området innanfor Tsjekkia er kalla Dolnomoravský úval ('Den lågare moraviadalen'), medan området innanfor Slovakia er kalla Borská nížina ('låglandet Bor')
  • Marchfeld i Austerrike
  • Leitha-fjella (Leitha-Gebirge) i Austerrike
  • Chvojnice-åsane (Chvojnická pahorkatina) i Slovakia

Låglandet Bor og Chvojnice-åsane vert i lag kalla Záhorská nížina (låglandet Záhorie).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]