Wikinews

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wikibooks sin logo

Wikinews er ein open nyhendeportal der alle kan bidra til - og nytte - informasjonen som vert lagt ut, prosjektet er underlagt Wikimedia Foundation. Målet med Wikinews er å skape eit miljø der enkeltmenneske og «grasrotjournalistar» kan skrive uavhengige rapportar og artiklar om alt som foregår innan deira interessesfære.

Kort historie[endre | endre wikiteksten]

I november 2004 vart det etablert ein demonstrasjonswiki for å vise at ein open nyhendeportal, der alle kan bidra er mogeleg. Prosjektet vart sparka i gang og støtta av Wikimedia Foundation. I desember 2004 vart ein engelsk og tysk versjon av nyhendeportalen publiserte i dei første betaversjonane. I januar og februar dukka det opp portalar på nederlandsk, fransk, Spansk, bulgarsk, polsk, portugisisk, romansk og svensk.

Norsk Wikinews[endre | endre wikiteksten]

Den 11. januar 2006 vart Wikinytt oppretta. I Wikinytt kan ein leggja inn artiklar på nynorsk eller bokmål. Wikinytt er Wikinews-portalen på norsk språk. Det vart ei tid òg diskutert om ein skulle oppretta ein felles skandinavisk portal i staden for at kvart språk får sin eigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikinewsportalar[endre | endre wikiteksten]