Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Paul Keres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Paul Keres[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Ein god artikkel, rett og slett! Skreiv Martin 25. april 2009 ca kl. 10.21

Her er ein god del raude lekkjer, som skal bli blå etter kvart - --Egil Arne 25. april 2009 kl. 12:46 (CEST)[svar]
Takk til Ranveig for sitatboksane - nydeleg!
Eg har fleire av bøkene det blir vist til no, så direkte kjelde og referansar kjem også etter kvart. --Egil Arne 9. august 2009 kl. 20:16 (CEST)[svar]
Eg har dessutan lyst til å endre «pave» i Spasskij-sitatet til «yppersteprest», som gir om lag same positive innhaldet utan det negative som ligg i ordet pave på norsk. --Egil Arne 9. august 2009 kl. 20:26 (CEST)[svar]
Fint du likte det. Som sjølvutnemnd omsetjingsekspert seier eg at du kan endra formuleringa (men helst til «øvsteprest»), dersom det kling meir naturleg på norsk enn «pave». --Ranveig 10. august 2009 kl. 00:03 (CEST)[svar]

Resultat som (+2 =0 −1) er ikkje godt å forstå utan vidare. Eg gjetter at det tel opp siger, uavgjort og tap? Dette bør forklarast ein stad i artikkelen, eller han bør visa til ei forklaring ein annan stad. --Ranveig 27. juni 2009 kl. 16:53 (CEST)[svar]

Eg tenkte å kommentere akkurat det same ein dag tidlegare. I tillegg synest eg det er alt for mykje «lister» i artikkelen – mange av punktteikna kan med fordel fjernast – eg trur løpande tekst fungerer betre. Dei som må stå igjen, til dømes meritta hans, ville eg ha flytta heilt nedst, altså rett før fotnotane. Elles synest eg alle sjakkresultata innimellom gjer artikkelen litt tung å lese for dei som ikkje er sjakkekspertar, men det er kanskje vanskeleg å gjere noko med det? --EIRIK\diskusjon 27. juni 2009 kl. 18:35 (CEST)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]