Wikipedia:Rettskriving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reglar for rettskriving[endre wikiteksten]

Dei følgjande ortografiske og grammatikalske reglane gjeld både for bokmål og nynorsk der ikkje noko anna er sagt.

Orddeling[endre wikiteksten]

På norsk lagar vi samansette ord ved samskriving, dvs. å skriva orda inntil kvarandre, med binde-s der dette høyrest betre ut. Om det er fare for mistydingar kan vi bruka bindestrek. Vi har ikkje mellomrom i samansette ord på norsk, dét er ein uvane som blir kalla særskriving og som kjem av påverknad frå engelsk.

Nokre vanlege feil[endre wikiteksten]

Å eller og?

«Å» (som òg vert kalla infinitivsmerke) fortel alltid at det følgjer ein infinitiv etter. «Og» tilhøyrer ordklassa konjunksjonar (bindeord) og vert nytta til å binde saman sideordna ordgrupper. Problemet med å/og oppstår når det er to (eller fleire) infinitivar i setninga. Om infinitivane er to separate handlingar som skal bindast saman, skal ein bruke «og». Elles skal ein bruke «å». Ei løysing på problemet er å bruke «fortidsprøva»: Prøv å gjera infinitivane om til fortid (preteritum), og sjå kva som skjer. Om berre den første av dei forandrar seg, skal det vera «å» framføre den neste (som da står uendra). Om båe går over til fortid, skal det stå «og» mellom dei.

Rett bruk av skiljeteikn[endre wikiteksten]

Aksentteikn:

Norsk har tre ulike aksentteikn: ´ (akutt aksent), ` (grav aksent) og ^ (cirkumfleks). Aksentteiknet skal stå rett over den vokalen som skal ha aksent, anten det er stor eller liten bokstav. Det er alltid tillate å sløyf aksentteikna anna enn i særnamn (døme: Côte d'Or, Bogotá, André).
Vi brukar akutt aksent i ord som idé, kaféen, moskéar. Sjølv om du vel å bruke aksent i grunnforma av slike ord, har du lov å sløyfe han i bøyingsformene. Nynorskordet lét (bokmål lot) har òg akutt aksent. Merk at det heiter éin og éi (med aksent), men eitt (utan aksent). Fór er preteritum av å fara.
Vi brukar grav aksent i ord som vis-à-vis, Genève og trykksterkt òg. Nynorskordet lèt (bokmål lar) har grav aksent. Fòr er ei lang, smal grop (plogfòr).
Vi bruker cirkumfleks i ord som vêr, crème fraîche, entrecôte. Fôr er anten mat for dyr eller innsida av t.d. ei kåpe.
Det er ikkje aksent i imperativ av verb som sluttar på -ere i infinitiv i moderne normert norsk. Det heiter vurder (ikkje vurdér), lever (ikkje levér). Det er heller ikkje rett å bruka aksent i franske lånord som ampere, barriere, premiere.

Sitatteikn (hermeteikn, gåseauge)[endre wikiteksten]

Før i tida var det vanleg å bruke teikna „...“ ved sitering. No for tida er dét helst i handskrift. I trykt skrift bruker ein i dag berre «...», og dessutan ‘...’ for å vise sitat i sitat. På datamaskiner brukar ein ofte "..." (etter modell av amerikanarane sitt sitatteikn “…”), men dette er ein arv frå skrivemaskina si tid — skrivemaskinene hadde ikkje sitatteikna «...». På datamaskiner bør ein bruke dei rette norske sitatteikna «…».

Teikna « og » lagast i HTML med « og ». I Microsoft Windows kan ein òg laga dei med Alt+0171 og Alt+0187, medan ein i Linux ofte finn dei på AltGr+z og AltGr+x. Teikna og (for sitat i sitat) kan kodast i HTML med ‘ og ’; i Microsoft Windows kan ein bruke tastekombinasjonane Alt+0145 og Alt+0146. På macOS er sitatteikna « og » på shift+alt+v og shift+alt+b medan og er på alt+n og alt+m.

Fleire tips[endre wikiteksten]

Sjå òg artikkelen om Norsk språkråd. Der finst det lenkjer til mange gode ressursar på nettet.