Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 37, 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
100 g virak
100 g virak

Virak eller olibanum er namnet på ein velluktande, gummiaktig harpiks frå tre i Boswellia-slekta, særleg B. sacra og B. frereana, som er ein viktig del av røykjelse.

Virak er blitt mykje brukt som røykjelse i religiøse riter, som parfyme, som vern eller medisin mot sjukdom og sår, og til balsamering. I dag er det særleg brukt i aromaterapi. Ein kan hausta virak frå Boswellia-tre frå dei er 8-10 år gamle. Det er mogleg å ta ut virak heile året, men den som er teken på den varmaste årstida har høgast kvalitet.