Virak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For bygda i Ofoten, sjå Vidrek.
100 gram virak frå Dhofar-regionen i Oman, som blir rekna som den aller beste typen.

Virak eller olibanum er namnet på ein velluktande, gummiaktig harpiks frå tre i Boswellia-slekta, særleg B. sacra og B. frereana, som er ein viktig del av røykjelse.

Virak er blitt mykje brukt som røykjelse i religiøse ritar, som parfyme, som vern eller medisin mot sjukdom og sår, og til balsamering. I dag er det særleg brukt i aromaterapi. Ein kan hausta virak frå Boswellia-tre frå dei er 8-10 år gamle. Det er mogleg å ta ut virak heile året, men den som er teken på den varmaste årstida har høgast kvalitet.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet virak kjem frå lågtysk wirok og tyder eigentleg 'vigd røyk'. Olibanum kjem frå arabisk lubán, 'mjølk' eller hebraisk lebonah, 'kvit', gjennom latin libanus, som viser til den mjølkeaktige kvaa frå viraktrea. Dette har òg gitt opphav til namnet Libanon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Virak er kjend frå dei eldste sivilisasjonane, frå farao-Egypt til Ming-Kina. Rundt 1500 f.Kr. sende den egyptiske dronninga Hatshepsut ein ekspedisjon til landet Punt (dagens Somalia) for å få tak i tre som skilte ut velluktande harpiks. Turen var vellukka, og saman med ibenholt, elfenbein og myrratre kom han tilbake med tre som skilde ut virak.

Også i Arabia voks viraktre, og kong Darius av Persia skal i følgje Herodot ha fått om lag 25 tonn røykjelse i året herfrå som skatt.

Byen Ubar i dagens Oman, som blei funnen på 1990-talet, skal ha vore eit handelssenter for trafikken langs den nyleg gjenoppdaga «virakvegen». Den nabateiske byen Petra i Jordan voks òg som følgje av handelen.

Medan virak mellom anna blei mykje brukt under ofring i jødedommen og i romerske religionar, førte veksten av kristendommen og nye former for gudsdyrking til at etterspurnaden sokk. Samstundes gjorde ørkenspreiing, åtak frå nomadar og høge skattar langs handelsruta det vanskeleg for karavanar å frakta produktet til marknaden. Frå 300-talet gjekk handelen med virak sterkt tilbake.

I dag har produksjonen auka og transporten blitt mykje lettare. Virak er dermed blitt eit billigare produkt. Medan virak var like verdifullt som gull i romartida, kan ein i dag kjøpa 100 gram for rundt 60 kroner.

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • Virak blei funne i grava til farao Tutankhamon.
  • Det årlege forbruket av virak ved Ba'al-tempelet i Babylon var på 2½ tonn.
  • Keisar Nero av Romarriket skal ha vore ein storforbrukar av stoffet. Mellom anna brann han opp heile årslageret for Roma under gravferda til kona si, Poppaea

I overført tyding[endre | endre wikiteksten]

I uttrykket mykje virak tyder virak noko bra, noko rosverdig, eit positivt oppstyr, til dømes hyllinga av ein stor skodespelarprestasjon. Men ein kan òg verta lei all viraken.