Wilhelm Eduard Weber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelm Eduard Weber, 1856

Wilhelm Eduard Weber (fødd 24. oktober 1804 i Wittenberg, død 23. juni 1891 i Göttingen) var ein tysk fysikar. Han var son av teologen Michael Weber og bror til fysiologen Ernst Heinrich Weber (1795–1878) og fysiologen Eduard Friedrich Weber (1806–1871).

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Wilhelm Weber vart fødd i Wittenberger Schlossstraße 10 i Wittenberg som son av professor i teologi, Michael Weber.

Weber deltok i fysiske eksperiment under den eldre broren sin Ernst Heinrich, noko som føret til utgjevinga av boka Wellenlehre, auf Experimente gegründet (Leipzig 1825) (Bølgjelære basert på eksperiment). I 1826 skreiv han doktorgraden sin, eit arbeid om orgelpiper og i 1827 sitt habilisasjonsskrift og oscillatorar.

Etter utnemninga si til «full professor» i Halle, vart han i 1831 kalla til Göttingen i dåverande kongeriket Hannover der han vart utnemnt til professor i fysikk ved Georg-August-Universität. 14. desember 1837 vart han fråteke stillinga saman med seks andre porfessorer i Göttingen grunna ein politisk protest mot oppheving av forfattinga. Etter det praktiserte han som privatlærer i Göttingen forutan at han gjorde ei rekkje lenger reiser.

Wilhelm Eduard Weber, 1885

I 1843 vart han kalla til Leipzig til han etter revolusjonen i 1848 i Tyskland, fekk tilbake den gamle stillinga si.

I Göttingen var Weber ein nær ven av Carl Friedrich Gauß som han samarbeidde med i mange år. I 1833 konstruerte dei den første elektromagnetiske telegrafen. Over taka i byen Göttingen trekte dei to kopartrådar mellom det fysikalske instituttet og det magnetiske observatoriet i Sternwarte. Dei nytta ein symbolkode som minte om den seinare morsekoden. Det seiast at det første telegrammet i 1833 lydde: «Michelmann kommt» (Michelmann var vaktmeister ved instituttet). Kanskje er dette berre ei segn.[1]

I 1836 grunnla han saman med Gauß og Alexander von Humboldt samskipnaden Magnetischen Verein.

I 1856 utførde Weber målingar saman med Rudolf Kohlrausch for å avgjere ladningeininga relatert til elektrodynamiske og elektrostatiske tilhøve. Dette bidrog seinare til utviklinga av James Clerk Maxwell sin teori om ljoset sine elektromagnetiske eigenskapar. Weber fann samanhengar om lyssnøggleik i vakuum, optikk og elektrisitetslære.

Eponymet weber (forkorta til Wb) er SI-eining for magnetisk fluks og er kalla opp etter Weber.

Priser og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Walther Killy: „Literaturlexikon: Autoren und Werke deutscher Sprache“. (15 Bände) Gütersloh; München: Bertelsmann-Lexikon-Verl. 1988-1991 (CD-ROM Berlin 1998 ISBN 3-932544-13-7)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wilhelm Eduard Weber

Kjelder[endre | endre wikiteksten]