Wittenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wittenberg
Marknadsplassen med det gamle rådhuset, statue av Martin Luther og Stadtkirche
Marknadsplassen med det gamle rådhuset, statue av Martin Luther og Stadtkirche
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Wittenberg
Wittenberg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Sachsen-Anhalt
Sachsen
Wittenberg
Ordførar Eckhard Naumann (SPD)
Geografi
Flatevidd
 - By

240.32 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

46930
  195/km²
Koordinatar 51°52′″N 12°39′″EKoordinatar: 51°52′″N 12°39′″E
Høgd over havet 75 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 06886, 06888, 06889
Telefon-retningsnummer 03491, 034920, 034928, 034929
Bilnummer WB, GHC, JE
Heimeside: www.wittenberg.de

Lutherstadt Wittenberg, er ein by i den tyske delstaten Sachsen-Anhalt, liggjande ved Elben. Wittenberg har ei rekkje bygningar frå 1400- og 1500-talet. Byen vart éit av dei viktigaste sentera for tysk politikk, kunst og kultur på 1500-talet. Reformasjonen starta her i 1517 då Martin Luther slo opp dei 95 tesane sine på døra til slottskyrkja. Martin Luther, Philipp Melanchthon og Lucas Cranach den eldre arbeidde her og Luther, Melanchton og Fredrik den vise er gravlagt i byen. Husa til Luther og Melanchton, bykyrkja og slottskyrkja er frå 1996 oppført på UNESCO si liste over kulturarv i verda som minnesmerke over Luther. Wittenberg var hovudstad i den saksiske Kurkreisen og residens for hertugane, seinare kurfyrstane av Sachsen-Wittenberg. Seinare vart byen òg sentrum for kjemisk industri og eit viktig jernbaneknutepunkt på strekningane Berlin-Leipzig og Magdeburg-Dresden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Statue av Luther på Marktplatz, rådhuset i bakgrunnen

Den eldste skriftlege dokumentasjonen der Wittenberg nemnt er frå omkring 1180; byen skal ha vorte grunnlagd av flamske kolonistar ved sida av ei borg.

Viktige årstal og datoar[endre | endre wikiteksten]

Kultur og attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Slottskyrkja
Del av Lutherhaus i Wittenberg

Slottskyrkja vart bygd mellom 1490 og 1509, og det indre utsmykkinga er utført av Lucas Cranach den eldre og Albrecht Dürer. Etter at Martin Luther hadde slått opp tesane sine her, varte det inntil 1524 før det vart halde evangeliske gudstenester. Under sjuårskrigen vart slottskyrkja øydelagt og deretter gjenoppbygd.

Andre attraksjonar er kyrkja, marknadsplassen, Melanchthonhaus, Cranachuset, Hundertwasserskolen og Lutherhuset.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lutherstadt Wittenberg