Willem Claeszoon Heda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frukost med krabbe
Bankett med skinke, 1656

Willem Claeszoon Heda (1594ca 1680) var ein målar under den nederlandske gullalderen som spesialiserte seg på stilleben. I sin sjanger var han ein av dei viktigaste representantane for den såkalla Haarlem-skulen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Heda var son til byarkitekten i Haarlem. Han arbeidde sjølv i Haarlem, der han var medlem av Sint-Lucasgilde, målarlauget. Elles er lite kjent om livet hans. Sonen Gerret Willemsz. Heda og Maerten Boelema de Stomme var mellom dei som var lærlingar hos han.

Heda måla helst små stilleben, bilete prega av orden og det gjennomført enkle. Måleri av matbord, etter måltidet er over, komponerte han med sikker hand, der han plasserte tøy, glas og metallvarer, samt mat i ein tilforlateleg heilskap. Han var ein meister i å gjenskape teksturen i objekta, måleria spegla røyndomen. Heda brukte lite fargar i verka, dei har endåtil vorte kalla for monokrome. Stillebena hans har vorte nemnt som bankettar eller frukostar. Heda brukte ofte dei same objekta i måleria sine.

Om lag 70 verk finst att etter Heda. Verket Fruktskål og druer er i Nasjonalgalleriet i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Willem Claeszoon Heda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]