William Brouncker, 2. Viscount Brouncker
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Lely: William Brouncker, ca 1674
William Brouncker, 2. Viscount Brouncker (1620–5. april 1684) var ein engelsk matematikar og var av dei første som gjorde bruk av uendelege rekkjer til utrekning av logaritmar. Ein kjend formel av Brouncker var starten på teorien om kjedebrøk.
Han var stiftar av og første president i Royal Society.