5. april
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
5. april er den 95. dagen i den gregorianske kalenderen (96. under skotår). Det er 270 dagar att av året.
Innhaldsliste |
Merkedag[endre]
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar[endre]
Religiøs helgedag[endre]
Bevegelege heilagdagar som fell på 5. april i 2013:
Namnedag[endre]
| Noreg | Irene, Eirin og Eiril |
| Sverige | Irene og Irja |
| Danmark | Irene |
Helgendag i den katolske kyrkja:
Hendingar[endre]
Utlandet[endre]
Historie[endre]
- 1654: Avslutting av Den første engelsk-nederlandske krigen.
- 1722: Den nederlandske admiralen Jakob Roggeveen oppdaga Påskeøya 1. påskedag.
- 1936: Ein tornado tok livet av 233 menneske i Tupelo i Mississippi i USA.
- 1945: Den kalde krigen: Leiaren i Jugoslavia, Josip «Tito» Broz, skreiv under på ein avtale som gjorde at Sovjetunionen midlertidig kunne plassera sine styrkar på jugoslavisk territorium.
- 1951: Det amerikanske ekteparet Ethel og Julius Rosenberg blei dømt til døden for å ha spionert for Sovjetunionen.
- 1955: Winston Churchill trekte seg som statsminister for Storbritannia på grunn av sviktande helse.
- 1969: Vietnamkrigen: Det blei demonstrert mot krigen i fleire av dei største byane i USA.
- 1973: Pierre Messmer blei statsminister i Frankrike.
- 1982: Falklandskrigen: Ein britisk flåtestyrke på 40 skip la ut med kurs for Falklandsøyene.
- 1992: Ei bosnisk kvinne blei drepen av ein snikskyttar i Sarajevo. Dette markerte byrjinga på krigshandlingane i Bosnia-krigen.
Noreg[endre]
- 1933: Den norske okkupasjonen av Eirik Raudes Land tok slutt,
- 1942: Noreg under andre verdskrigen. 1. påskedag la fleirtalet av prestane i Den norske kyrkja ned embetet sitt i protest mot den tyske okkupasjonsmakta.
- 1952: Vestisen-ulykkene. Fem norske selfangstskuter gjekk ned i Vestisen. 78 menneske døydde.
- 1958: Under det såkalla «Påskeopprøret» i Arbeidarpartiet underteikna 45 stortingsrepresentantar ein resolusjon med krav om at Noreg skulle leggja ned veto i Nato mot utplassering av atomvåpen i Vest-Tyskland.
- 2004: NOKAS-ranet. Tungt væpna ranarar slo til mot tellesentralen til Norsk Kontantservice i Stavanger.
Fødde[endre]
- Sjå òg Fødde den 5. april.
- 1479: Guru Amar Das, den tredje av dei ti sikh-guruane.
- 1568: Pave Urban VIII, fødd Maffeo Barberini
- 1588: Thomas Hobbes, engelsk filosof.
- 1732: Jean-Honoré Fragonard, fransk målar
- 1764: Hans Jacob Grøgaard, norsk prest og forfattar
- 1820: Lars Blilie, norsk bonde og politikar
- 1867: Gjermund Grivi, norsk politikar og advokat
- 1916: Gregory Peck, amerikansk filmskodespelar.
- 1908: Bette Davis, amerikansk skodespelar
-
- Herbert von Karajan, tysk dirigent
- 1923: Nguyen Van Thieu, sørvietnamesisk president
- 1929: Ivar Giæver, norsk-amerikansk fysikar og vinnar av Nobelprisen i fysikk i 1973
- 1938: Åge Storhaug, norsk idrettsutøvar
- 1947: Gloria Arroyo, filippinsk president
- 1950: Agnetha Fältskog, svensk songar
Døde[endre]
- Sjå òg Døde den 5. april.
- 1053: Jarl Godwin av Wessex
- 1319: Dronning Ingeborg Magnusdotter av Sverige (eller 15. august)
- 1923: Lord Carnarvon, engelsk arkeolog
- 1942: Parvin E'tesami, persisk diktar
- 1943: Evald Hansen, norsk sersjant i Kompani Linge
- 1954: Kronprinsesse Märtha av Noreg
- 1967: Johan Falkberget, norsk forfattar
- 1975: Chiang Kai-shek, kinesisk militær og statsmann
- 1994: Kurt Cobain, amerikansk musikar i musikkgruppa Nirvana (sjølvmord)
- 1997: Allen Ginsberg, amerikansk forfattar
- 2007: Maria Gripe, svensk forfattar
- 2008: Charlton Heston, amerikansk skodespelar
- 2011: Baruch Samuel Blumberg, amerikansk lege og nobelprisvinnar
|
|
|
|---|---|
| < 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 > |