William Etty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1823
Sirenene og Ulyssess, 1837

William Etty (10. mars 178713. november 1849) var ein britisk målar fødd i York. Han vart særleg kjend for sine aktmåleri, gjerne i form av mytologiske motiv.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Etty arbeidde som boktrykkar til han i 1807 byrja studere på kunstakademiet i London, fyrst under Henry Fuseli og seinare under Thomas Lawrence. Han utdanna seg vidare i Venezia frå 1822 til -24, der han tileigna seg fargebruken til dei gamle, lokale meistrane.

Kunsten til Etty er elles prega av nyklassisismen. Han dreiv særskilt på med studiar etter nakne kvinnemodellar, men var på mange måtar ein eklektikar som i form og farge slutta seg til eldre kunst. Etty sleit med å slå an hos eit kjøpesterkt publikum, fyrst med Kleopatra frå 1821 vann han seg eit namn. Andre kjende motiv frå hans hand er Pandora frå 1824, og dei tre Judit-måleria Venus, Odysseus og Sirenene, dei siste vert rekna som hans hovudverk. Det storfelte motivet Stormen måla han i 1830.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: William Etty