Nyklassisismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Young Ladies at Home. Døme på nyklassisisme i mote og interiør.
Det nyklassisistiske Slottet.

Nyklassisisme, neoklassisisme, novantikk eller nyantikk, er ei stilretning innanfor kunst, arkitektur og kunsthandverk i Europa og Amerika. Retninga tok utgangspunkt i kunsten i gresk og romersk antikk, og var framherskande ca. 1750-1850.

Retninga bygde på skriftene til den tyske arkeologen J.J. Winckelmann og funna ved utgravingane i Herculaneum og Pompeii.

Biletkunsten i nyklassisismen hadde ofte drag frå den samtidige romantikken og representantar for denne var den franske målaren Jacques-Louis David (som var lærar for mellom anna danske C.W. Eckersberg og norske Jacob Munch) og den italienske bilethoggaren Antonio Canova. I Danmark vart stilen utvikla av målaren Nicolai Abildgaard og bilethoggarane Johs. Wiedewelt og Bertel Thorvaldsen.

Arkitekturen var inspirert av både antikken og renessansen, særleg bygningane til Andrea Palladio. Mellom representantane var A.C. Gabriel, C.N. Ledoux, Robert og James Adam, Karl Friedrich Schinkel og Leo von Klenze. I Danmark var mellom andre C.F. Harsdorff og C.F. Hansen med sine enkle bygningar med få dekorative detaljar framståande figurar.

I Noreg var viktige nyklassisistar målaren Jacob Munch, bilethoggaren Hans Michelsen og arkitektane H.D.F. Linstow og Christian H. Grosch. Slottet i Oslo er bygd i nyklassisistisk stil.

Først på 1900-talet sette endå ei nyklassisistisk bølgje preg på arkitekturen. Sentrale verk i Danmark innanfor dette straumdraget er Faaborg Museum frå 1915 av Carl Petersen og Politigården i København (1918-1923) av Hack Kampmann og Aage Rafn.

Den tidlege nyklassisismen innanfor både arkitektur og kunsthandverk blir ofte kalla Louis-seize-stil. Denne vart så vidareutvikla til directoirestil og sidan empirestil. Innanfor musikken brukar dei som regel nemninga neoklassikk. Sjå òg klassisisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nyklassisismen