William Rowan Hamilton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Rowan Hamilton

Sir William Rowan Hamilton (4. august 18052. september 1865) var ein irsk matematikar, fysikar og astronom som laga viktige bidrag til utviklinga innan optikk, dynamikk og algebra.

Hamilton synte seg som eit enorm talent frå særs tidleg alder, som astronom biskop Dr. John Brinkley skreiv i 1823 då Hamilton var atten: «This young man, I do not say will be, but is, the first mathematician of his age.»

Han var direktør for observatoriet i Dublin. Han var særleg flink med språk og kunne 13 språk då han var 13 år gammal. 22 år gammal vart han utnemnd til professor ved universitetet i Dublin. Det første arbeidet hans omhandlar grunnlaget for optikken og mekanikken. Han føresåg den koniske brytinga til lyset i krystallar, eit fenomen som vart funnen kort tid etter. Dei hamiltonske likningane er òg grunnlaget for den moderne kvantemekanikken. Hamilton innleia studiet av dei hyperkomplekse tala ved oppdaginga av såkalla kvaternion, og var òg ein sentral person innanfor grafteorien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]