William Wallace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sir William Wallace

Sir William Wallace, fødd omkring 1270 i Paisley, Skottland, daud 23. august 1305 i London, var ein skotsk nasjonalhelt og Skottlands regent 1297-1298.

Den engelske kongen Edvard I hadde i 1296 okkupert Skottland. Wallace leidde året etter ein revolt, og okkupantane kunne fordrivast. Wallace vart utropa til skotsk regent, men tapa regentskapen alt følgjande året på grunn av militær motgang (sjå Den skotske fridomskrigen). Wallace vart tvinga til å fly, men vart teken til fange den 5. august 1305 av engelskmennene, og vart nokre veker seinare avretta under grufulle omstende.

Wallace vart førd i lenkjer til London, dømd til døden for høgforræderi, levande hengd, så spretta opp og til slutt halshogd på torget i Smithfield i London. Det var ein normal straff for såkalla svikarar på denne tida, og Wallace levde enno då øksa fall.

Ein minneplakett sit på St. Barts sjukehus ved Smithfield i London, nær den plassen han vart avretta.

Wallace som helt vart filmatisert i Braveheart med Mel Gibson i hovudrolla.

Kjelde: Svensk wikipedia, artikkel med same namnet.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: William Wallace