Wilma Murto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilma Murto


Statsborgarskap Finland
Fødd 11. juni 1998 (25 år)
Kuusjoki
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016 – Stavsprang kvinner, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Stavsprang kvinner, VM i friidrett 2022 – Stavsprang kvinner, EM i friidrett 2022 – Stavsprang kvinner, EM i friidrett innendørs 2023 – Stavsprang kvinner, VM i friidrett 2023 – Stavsprang kvinner

Wilma Anna Helena Murto (fødd 11. juni 1998) er ein finsk stavhoppar frå Kuusjoki i Salo. Ho vart europameister 2022 i München der ho sette finsk rekord med 4,85 meter.

Murto sette finsk rekord og innandørs verdsrekord for juniorar då ho i januar 2016 sigra med 4,71 meter i stavtevlinga under junior-VM i Zweibrücken. Det skulle gå fem og eit halvt år før ho forbetra seg til 4,72 m i Tampere i slutten av august 2021. Under europameisterskapen 2022 i München flytta ho sin personbeste med 13 cm til 4,85 meter og tok ein overranskande gullmedalje framom den greske veteranen Ekateríni Stefanídi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]