Wormskonkordatet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Side av Wormskonkordatet.

Wormskonkordatet, òg kalla Pactum Calixtinum av historikarar, var eit konkordat mellom pave Callistus II og den tysk-romerske keisaren Henrik V den 23. september 1122 ved byen Worms. Det avslutta den første perioden med strid mellom kongemakta og paven.

Konkordatet vart eit kompromiss som paven i det lange løpet kom til å tape mest på. I andre land skulle biskopar veljast på vanleg vis, men i Tyskland fekk keisaren vetorett. Dette kom særleg fram gjennom den såkalla investituren (konflikten vart kalla investiturstriden) der biskopen fekk bisperingen og bispestaven av kongen og ikkje av den som forretta messa, normalt ein annan biskop.

Wormskonkordatet vart stadfesta av Callistus II under det første laterankonsilet i 1123.

Bakgrunnen for at paven gjekk med på dette konkordatet kan skuldast den veldige makta til keisaren på denne tida, for innhaldet i konkordatet både politisk og kyrkjerettsleg var eigenleg ganske ugunstig for kyrkja høvesvis rettsleg tvilsamt. Om ein verdsleg leiar i dag hadde kravd tilsvarande (som styresmaktene i Kina prøver overfor den kinesiske katolske kyrkja) ville dette ha utløyst ein kyrkjeleg ekskommunikasjon av alle involverte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]