Wudangshan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit taoisttempel i Wudangshan

Wudangshan (kinesisk: 武当山, pinyin: Wǔdāng Shān) er ei fjellkjede i provinsen Hubei i Kina, rett sør for byen Shiyan.

Fjella er kjent for sine mange taoistiske kloster. Nokre av dei var akademiske senter, andre stader praktiserte ein kampsport, eller meditasjon, tradisjonell kinesisk medisin, taoistiske jordbruksmetodar eller liknande. Under tang-dynastiet (618-907) vart den første gudstenestestaden, Fem drakar-tempelet, bygt.

Dei mange klostra i fjella vart tømt, skada eller øydelagde under kulturrevolusjonen. I 1994 vart dei oppførte på UNESCO si liste over verdsarven, og spelar ei rolle for turismen.

Palassa og templa i Wudangshan, som vart bygt som eit organisert kompleks under ming-dynastiet, har bygningar som går tilbake til 600-talet. Dei er noko av det ypperste i eldre kinesisk kunst og arkitektur.

Wudangklostra har ofte vore kulissar i kinesiske kampfilmar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]