Xavier Barachet
Xavier Barachet | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 19. november 1988 (35 år) Nice |
Idrett | handball |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Ridder av Æreslegionen |
Xavier Barachet (fødd 19. november 1988) er ein fransk tidlegare handballspelar. Han er trefaldig verdsmeister, olympisk meister og europameister med Frankrike sitt sigerrike landslag. Barachet var høgre rykkromspelar.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]
Barachet fekk sin fyrste av 84 landskampar i 2009. Dei neste åra var han med på triumf etter triumf med franske landslaget. Etter finalesiger i Handball-VM 2009 fylgde laget opp med å vinne europameisterskapen 2010, verdsmeisterskapen 2011 og Sommar-OL 2012. Etter eit par års medalje-turke, vann han i si siste internasjonale turnering, Handball-VM 2015, enno ein gullmedalje. Han skåra 162 mål for Frankrike.
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Barachet spelte på det franske topplaget Chambéry frå 2006 til 2012. 2012/13-sesongen var han aktiv for det spanske toppserielaget Atlético Madrid, som han vann cupen med. Etter at Atlético Madrid gjekk konkurs sommaren 2013, var han den neste sesongen Saint-Raphaël-spelar. Deretter gjorde han frå 2014 teneste i Paris Saint-Germain. Ein alvorleg skade og deretter lite speletid førte til at han i januar 2017 flytta tilbake til Saint-Raphaël. Barachet la opp i 2022.
Merittar[endre | endre wikiteksten]
- OL-gull: 2012 med Frankrike
- VM gull: 2009, 2011, 2015 med Frankrike
- EM-gull: 2010 med Frankrike
- Fransk seriemeister: 2015, 2016, 2017 for PSG
- Fransk cupmeister: 2015 for PSG
- Spansk cupmeister: 2013 for Atlético Madrid
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Xavier Barachet» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2024.