Nice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nice
Dscn0062-nice-port-castle-hill crop 1200x600.jpg
Flagget til Nice Byvåpenet til Nice
Flagget til Nice Byvåpenet til Nice

Motto
«Nicæa civitas»
(Byen Nice)
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Alpes-Maritimes
Grunnlagd Rundt år 350 f.kr.
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

71,92 km²
721 km²
2 268 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

347 100
  4 826/km²
888 784
933 080
Koordinatar 43°42′10″N 7°16′09″EKoordinatar: 43°42′10″N 7°16′09″E
Høgd over havet 10 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.nice.fr
Plassering
Nice1 map.png

Nice (oksitansk: Niça [klassisk norm] eller Nissa, italiensk: Nizza, gresk:Νίκαια) er ein by sør i Frankrike ved kysten av Middelhavet mellom Marseille og Genova med eit storbyområde på 933 080 innbyggjarar (1999). Byen er ein stor turistby, og ein av dei største feriebyane på Den franske rivieraen (Côte d'Azur).

Nice ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur, og er ein kommune og préfecture (hovudstad) i Alpes-Maritimes. Nice var tidlegare ein del av den italienske staten Piemonte som i dag er ein del av Italia. Utanfor Nice ligg Cap Ferrat.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Menneske sette allereie sin spor i Nice for om lag 400 000 år sidan. Forsking har vist at Nice var eit av dei første stadene der menneske byrja og bruke eld. Nice vart grunnlagd for rundt året 350 f.kr av grekarane frå Marseille, som kalla kolonien Nikaia (av Nike på gresk, som er den greske sigersgudinna). 154 f.kr. tok romarane over byen, som busette seg lengre opp ved den noverande bydelen Cimiez.

På 900-talet vart Nice styrt av grevane i Provence og hamna under Amadeus VII av huset Savoy i 1388. På 1700- og 1800-talet vart Nice fleire gonger okkupert av franskmenna, men vart ikkje fullstendig fransk før i 1860, då Napoleon III avslutta ein avtale med huset Savoy.

Kultur og turistattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan framleis merke den italienske innflytinga på byen, mellom anna i gatenamn og på restaurantar. Den lokale dialekten, «niceansk» (fransk: Niçois; niceansk: Nissart) høyrest ut som ein blanding av fransk, italiensk og provensalsk. Han skil seg så pass mykje frå fransk at det stundom vert rekna som eit eige språk. Lokalnyhende på TV vert lese opp på niceansk, men berre ein brøkdel av innbyggjarane kan språket.

Nice har ein heilt egen matkultur der mellom anna socca (ei slags pannekake), pissaladière (ein slags pai), bouillabaisse (fiskesuppe) og salade nicoise er blant spesialitetane.

Kulturlivet er rikt med mange museum. Spesielt kjend er kanskje Matisse-museet, men Chagall-muséet vert òg mykje vitja. Det etniske mangfaldet i byen gjer at det finst mange arabiske, austasiatiske og afrikanske butikkar, markedar og restaurantar i byen.

Strandpromenaden Promenade des Anglais på nattestid

Av turistattraksjonar har ein strandpromenaden La Promenade des Anglais som strekkjer seg langs den lange stranda, Hôtel Negresco som er det mest prestisjefylte hotellet i byen, La Colline du Château der ein finn runinane av eit gamal slott og katedralen Notre Dame. Andre attraksjonar er den russiske katedralen og gamlebyen med det vidkjende markedet.

Nord for Nice byrjar Alpane, og vestover ligg dei fasjonable turistbyane Cannes og St. Tropez, austover ligg Monaco og Menton. Alle desse byane er knytte saman av lokaltog og motorvegar. Den lokale kollektivtraffiken i Nice vert driven av Sunbus (Service Urbain de Nice).

Nice har eitt universitet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nice