Xenofobi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Xenofobi (av gresk ξένος (xenos), «framand» og φόβος (phobos), «frykt»), eller framandfrykt, er nemninga på angst for alt som er framand, utanlandsk eller annleis enn det kjende.

Xenofobi blir ofte brukt for å skildre ei frykt eller eit framandhat mot det ukjende. Visse former for rasisme kan ha utspring i framandfrykt. Denne frykta botnar ut i at elementa – menneske, stader og skikkar - innehar ukjende verdiar som ein har vanskeleg for å forhalde seg til. I så måte kan kjønnsdiskriminering ikkje naudsynlegvis reknast som framandfrykt i ein generell forstand, sjølv om einskildmenneske kan ha reaksjonar overfor den andre gruppa utover kva det som er forventa av kjenslemessige eller institusjonaliserte reaksjonar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]