Yijing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikna i Yijing er 64 heksgram dann av ulike kombinasjonar av desse åtte trigramma.

Yijing ('Forvandlingsboka', også kjend som I Ching) eller Zhouyi ('Løyndomsboka') er ein av dei eldste klassiske kinesiske tekstane.[1] Nøyaktig alder på verket er ukjend, men tradisjonen plasserer byrjinga til boka på 2000- eller 1000-talet f.Kr.[2] Det eldste manuskriptet som er funne er eit ufullstendig verk frå Krigande statar-tida (475–221 f.Kr.)[3]

Yijing er bygd opp som ei spådomsbok kring 64 heksagram med ulikt mønster. Etter kvart heksagram kjem ein kort tekst. Boka kunne brukast ved at ein ved hjelp av ulike framgangsmåtar valde eit heksagram og teksten som høyrde til. Dette kryptiske svaret måtte tolkast av ein ekspert.[4]

I tillegg til den opphavlege teksten finst også dei såkalla «ti vengene», filosofiske og moralske kommentarar tilskrivne Konfutse, men truleg sett saman på 200–100-talet f.Kr. Desse kommentarane har lagt grunnen for seinare forståing av Yijing, men legg djupare filosofiske og moralske tankar i teksten enn det han truleg var meint å ha.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Yijing

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilhelm, R. I Ching Introduction. English translation by Cary F. Baynes; HTML edition by Dan Baruth. Retrieved on: January 20, 2008. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Stamps, Jeffrey (1980). Holonomy: A Human Systems Theory. Jeffrey Stamps. s. 207. ISBN 0-914105-17-5.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. Balkin, J. M. (2002). The laws of change: I ching and the philosophy of life. Schocken Books. s. 84. ISBN 0-8052-4199-X.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. 4,0 4,1 «Yijing» (28.02.2013) i Store norske leksikon.
Spire Denne kulturartikkelen som har med Kina å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.