Standard mandarin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Standard mandarin eller standardkinesisk er ein dialekt av mandarinspråk som er offisielt språk i Kina, Taiwan og Singapore. Fonologien i talespråket byggjer på talemålet i Beijing. Ordforrådet og grammatikken følgjer som regel tradisjonen i mandarinspråka, slik at «mandarin» brukt av lekfolk ofte viser til standard mandarin. Språkforskarar bruker derimot alltid «mandarin» for å visa til alle mandarinspråka.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Stavinga[endre | endre wikiteksten]

I samsvar med analysen til San Duanmu (2009) kan stavinga i mandarin delast i opptakt og rim. San Duanmu opererer med 55 ulike opptaktar, som er presenterte i Tabell 1, og 18 rim, som er presenterte i Tabell 2. I tillegg kan ei staving ha eitt av fire tonem, som er presenterte i Tabell 3. Ei staving kan òg vere tonemlaus; det tyder at ho har ein fonetisk tonegang som er føreseieleg ut frå tonemet til den føregåande stavinga. Opptakt + rim kan kombinerast til 386 ulike stavingar – om vi ser bort frå tonema. Om vi tek med tonema, har mandarin 1001 ulike stavingar. Dei 386 stavingane er presenterte i artikkelen Stavingane i mandarin.


Tabell 1. Dei 55 opptaktane i mandarin.
p t ts ʈʂ k Ø
ph th tsh ʈʂh kh
pw tw tsw ʈʂw kw w
phw thw tshw ʈʂhw khw
pj tj tsj j
phj thj tshj
tsɥ ɥ
ts
f s ʂ x
fw sw ʂw xw
sj
sɥ
m n
mw nw
mj nj
nɥ
l ʐ
lw ʐw
lj
lɥ
Tabell 2. Dei 18 rima i mandarin.
i y u in
ǝ ǝi ǝu ǝn ǝŋ
a ai au an
z ʐ
Tabell 3. Dei 4 tonema i mandarin.
Nummer Tonem 1 Tonem 2 Tonem 3 Tonem 4
Realisering Høg
H
Stigande
LH
Låg
L
Fallande
HL
Skrivemåte på a ā á ǎ à

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • San Duanmu 2009. Syllable Structure. The Limits of Variation Oxford: Oxford University Press.
    Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.