Ylvis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ylvisbrørne. (Foto: Espen Mills)

Ylvis er ei norsk revygruppe som består av brørne Bård Ylvisåker (fødd 21. mars 1982) og Vegard Ylvisåker (fødd 19. mai 1979). Brørne er fødde i Sogn, men er oppvaksne både i Afrika og i Bergen.

Ylvis har delteke i mange fjernsynsprogram. Dei er kjende for fjernsynsprogramma «I kveld med Ylvis», «Ylvis møter veggen», samt sceneshowa «Ylvis - en kabaret», «Ylvis - en konsert», «Ylvis goes philharmonic», «Ylvis 3» og «Ylvis 4».

The Fox[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2013 fekk Ylvis ein internasjonal YouTube-hit med musikkvideoen The Fox, som stiller spørsmålet "What does the fox say?" - (Kva seier reven?) Songen vart lasta opp på Youtube 3. september 2013 som reklame for I kveld med Ylvis. Beaten er produsert av Stargate saman med DJ-en Nicholas Boundy. [1] Songen parodierer samtidige technohits, og på refrenget dansar Ylvis i revekostyme medan dei syng revelydar. Per 19. januar 2014 har videoen blitt sett over 462 072 903 gonger. [2]

Den 20. september vart Ylvis gjester på The Ellen DeGeneres Show i USA og framførte songen saman med programleiaren. [3] Songen vart også brukt som bakgrunnsmusikk for ein reklamesnutt for TV-giganten Fox Broadcasting Company, til vanleg kjend som berre FOX. I reklamen vart det vist klipp frå FOX sine eigne skodespelarar som song Ylvis-låta. [4] 10. oktober vitja dei Late Night With Jimmy Fallon, der dei vart introduserte slik: «Dei har den mest virale videoen i verda akkurat no. Ta godt imot Ylvis!» I november gav Ylvis ut biletboka "Hva sier reven?" på Aschehoug, illustrert av Svein Nyhus. Fyrsteopplaget var på 75 000 eksemplar pluss eit fyrsteopplag på 250 000 i USA. [5]

Under Spellemannprisen 2013 vann «The Fox» prisen for Årets hit, men Bård og Vegard uttalte etterpå at dei fekk litt dårleg samvit overfor «dei som gjer dette på ordentleg» sidan songen «tøysar det vekk». [6]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipedia om Ylvis, henta inn 19. desember 2011.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]