Yorkshirepudding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yorkshirepuddingar steikte på muffinsplater.

Yorkshirepudding er ein engelsk matrett laga av ei røre av egg, mjøl og mjølk. Puddingen blir som regel bakt i omn og hever seg slik at han blir høg på sidene med eit søkk i midten. Eit «offisielt» høgdemål fastsett av britiske Royal Society of Chemists seier at ein ekte yorkshirepudding skal vera 10 cm høg.[1]

Retten er knytt til Yorkshire gjennom namnet, men blir servert i heile England. Han er knytt til den tradisjonelle søndagsmiddagen (Sunday roast), og kan typisk serverast til roastbiff eller lammesteik.[2] Han kan også serverast åleine[1] med sjy eller lauksaus til, eller som ein søt dessert.[3]


Yorkshirepudding er først nemnd i kokeboka The Art of Cookery made Plain and Easy frå 1747 av Hannah Glasse.[4] Retten er ein variant av «Dripping Pudding»,[5] ein liknande rett som blei sett under ei steik for å samla opp sjyet som draup ned medan ho steikte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Secret of a perfect Yorkshire pud». BBC News. 14 November 2008. Henta 14 November 2008. 
  2. «Yorkshirepudding» (15. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. september 2015.
  3. «foodnetwork.co.uk - Yorkshire pudding desserts». foodnetwork.co.uk. Arkivert frå originalen 9. juli 2015. Henta 4 May 2015. 
  4. Glasse, Hannah (1998) [1747]. The Art of Cookery Made Plain and Easy. Applewood Books. ISBN 978-1-55709-462-9. 
  5. Lady, A; Kenrick, William (1737). The Whole Duty of a Woman. London. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]