Ypparsteprest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødisk øvsteprest og ein levitt i Judea.

Ypparsteprest eller øvsteprest (av hebraisk hakkohen eller haggadol) er namnet på leiaren for presteskapet i det gamle Israel og den øvste presten i tempelet i Jerusalem. Den fyrste øvstepresten for Israel var Aron, bror til Moses.

Etter eksilperioden på 500-talet f.Kr. fekk ypparstepresten stor innverknad og overtok fleire av oppgåvene som kongen hadde hatt (2 Sam 6,12–19). Som med kongen skulle han salvast (2 Mos 29,29), og bere ei særskild drakt (2 Mos 28). Øvstepresten måtte vere av sadokide-ætta, men med makkabearen Jonatan overtok hasmonear-ætta denne rolla fram til 35 f.Kr. Seinare vart øvsteprestane skifta ut ofte fram til romarane i 70 e.Kr. øydela tempelet og embetet fall bort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]