Moses

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moses av den spanske målaren José de Ribera.

Moses (lat. Moyses, gjennom gresk frå hebraisk) eller Moshé (hebraisk משֶׁה [mo:'še]), Mousa eller Musa (arabisk موسىٰ ['mūsā]), er ein av dei viktigaste personane både i jødedommen, kristendommen og islam. Han er framstilt som ein hebraisk frigjerar, leiar, lovgjevar, profet og historikar, rekna som israelittane sin befriar frå trelldomen i Egypt og som leiaren deira den tida dei var i ørkenen.

Bibelen og dei bibelske tolkingstradisjonane seier at Moses levde ca 1200 f.Kr., og livet og verket hans blir skildra frå 2. til 5. mosebok.

Moses i Bibelen[endre | endre wikiteksten]

Moses er ein av dei viktigaste personane i Bibelen, siden han mottok instruksar om israelittanes religion og den lova som blei kjend som Moselova. Ifølge den hebraiske bibel og Det gamle testamentet var Moses den som leia israelittane ut av fangenskapet i Egypt, og mottok Dei ti bod frå Gud på Sinaifjellet. Han fekk også openberra israelittanes religiøse lovar og seremoniar. Toraen inneheld livshistoria til Moses og hans folk inntil hans død, 120 år gammal.

Moses utvikla doktrinen om monoteisme, som ikkje var vanleg på den tida. Dette blei nedskrive som det første bodet. Han blir rekna som profet i alle dei tre monoteistiske verdsreligionane — jødedom, kristendom og islam.

Moses var son av Amram og kona hans Jochebed. To eldre sysken blir nemnt i skriftene; systera Miriam og Aron. Moses blei fødd på ei tid der den regjerande egyptiske faraoen hadde kommandert at alle guteborn som blei fødd av ein israelitt i egyptisk fangenskap skulle druknast i Nilen. For å berga sonen la mor til Moses hans i ei korg av sivstrå som ho lét drive nedover Nilen. Da dottera åt farao var ute og bada, fekk ho sjå korga med den litle guten i og tok han til seg. Moses voks så opp ved faraos hoff. Som ung mann så han ein dag korleis ein av faraos soldatar mishandla ein israelittisk arbeidar, og Moses blei sint og slo soldaten i hel. Han fekk hjelp til å skjule liket, men måtte etter dette flykte ut i ørkenen og leve i skjul der.

I Andre mosebok talte Gud til Moses gjennom ein brennande busk og bad han gå til farao for å be han frigjera folket hans. Då Moses svara at han var både «tungmælt og seinmælt», [1] bad Gud han ta med seg broren Aron. Moses var 80 og Aron 83 år då dei snakka med farao. [2] Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la folket fara, varsla Moses og Aron han om ti plager som Gud ville senda over landet viss dei ikkje fekk dra. Enno ville ikkje farao la folket dra, men då den tiande plaga var komen og alle dei fyrstefødde borna samt alle dei fyrstefødde dyra til egyptarane var blitt drepne, sa farao til Moses og Aron at dei fekk reisa. Etter dette brukte israelsfolket 40 år i øydemarka før dei kom inn i det lova landet, Kana'an. Aron vart utnemnt til øvsteprest i denne perioden.

Korkje Aron eller Moses fekk koma inn i det lova landet sjølve. I Fjerde mosebok klagde folket til dei fordi dei ikkje har vatn, og Gud seier til Moses: «Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn.» [3] I staden sa Moses til folket: «Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?» [4] Gud lèt det likevel strøyma fram vatn, men lèt ikkje Moses og Aron koma inn i landet fordi dei ville ta æra for vass-underet sjølvet og ikkje lét israelittane sjå kor heilag Gud var. [5]

Øvstepresten Aron døydde kort tid etter dette. [6] Døden til Moses er skildra i Femte mosebok, der Gud leier han opp på Nebo-fjellet i det som i dag er Jordan. Herifrå får han sjå innover det lova landet, men han får ikkje koma inn i det sjølv. Ifylgje Femte mosebok var Moses 120 år då han døydde, [7] og Josva Nunsson vart utnemnt til ny leiar for Israelsfolket etter han. [8]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Moses
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.