Yr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Yr er ei jamn og lett form for nedbør. Dropestorleiken til yrdropar er mindre enn regndropar, vanlegvis rundt 0,5 mm i diameter eller mindre. Yr fell vanlegvis frå stratiforme (lagdelte) skyer, men kan i somme tilfelle falle frå låge cumulusskyer. Her til lands oppstår yr som regel i samband med varmfrontar, og då gjerne i varmsektoren mellom ein varmfront og ein kaldfront

Visst forholda ligg til rette for det kan ein om vinteren få underkjølt yr, der vassdropar med temperatur under frysepunktet fell ned til bakken og momentant frys til is.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]