Varmfront

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tverrsnitt av ein varmfront. Den varme lufta blir løfta over den kalde, og dannar skyer.

Ein varmfront markerer grensa mellom to luftmassar av ulik temperatur der den varmare lufta pressar bort den kaldare lufta. Fronten er nesten alltid tilknytta eit lågtrykk. Varmfrontar består generelt av meir stabil luft enn i ein kaldfront, t.d. er det mindre vertikale rørsler i ein varmfront, noko som fører til at det hovudsakleg blir danna lagskyer. Den varme lufta er lettare og vil derfor bli pressa over den kalde lufta, og den stigande lufta kondenserer og dannar skyer. Når ein varmfront nærmar seg vil ein derfor først kunne sjå høge cirrusskyer, etterfølgd av cirrostratus, altostratus og til slutt nimbostratusskyer som fører til regn, yr eller snø i det fronten passerer. I tillegg er det ofte tåke knytt til varmfrontar. Nedbøren kan vare frå eit par timar til fleire dagar.

Lufttrykket fell svakt føre ein varmfront, og raskare bak fronten, medan temperaturen stig når fronten passerer. Vinden endrar vanlegvis retning med klokka føre fronten (t.d. frå sør til søraust). Etter fronten har passert, endrar ofte vinden retning mot klokka igjen på den nordlege halvkula på grunn av Corioliskrafta (t.d. frå sør til sørvest).

Frontsystem med varmfront (raud), kaldfront (blå) og okkludert front (lilla) i samband med eit lågtrykk.

I eit frontsystem følg alltid kaldfronten etter varmfronten. På grunn av den stigande lufta i ein varmfront, mister varmfronten heile tida kinetisk energi, og fronten går derfor seinare og seinare. Kaldfronten har derimot stort sett den same farten heile tida, og vil etter kvart ta igjen varmfronten. Området mellom ein kaldfront og ein varmfront blir kalla varmsektor, og vêret her er ofte grått med lågt skydekke, yr, regn og tåke. Den delen av varmfronten som kaldfronten har tatt igjen, blir ein okkludert front.

På eit vêrkart er varmfrontane markert med ei raud linje og halvsirklar som viser retninga fronten flyttar seg i.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]