Ys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ys, Is eller Ker-Is (Ker tyder by på bretonsk), er ein mytisk by som vart bygd på kysten av Bretagne, og som seinare sokk i havet. Byen skal ha lege ved bukta i Douarnenez.

Etter tradisjonen vart Ys tufta av kong Gradlon. Segna seier det var dotter hans, Dahud, som bad far sin om å få byen så nær havet. Andre kjelder seier byen var langt eldre, men at havet hadde stege, slik at Ys låg mest under havoverflata, og laut verjast mot flaum og tidevatn av høge dike. Portane til dette diket kunne berre låsast opp av kongen.

Ys var den fagraste byen på jorda, men husa mykje synd og dårlege seder. Dette vart refsa av sankt Gwenolé. Mykje av festinga og det ville livet vart stødd oppunder av Dahud, fortel soga. Ein kveld kom ein raudkledt framandkar til byen og freista Dahud til å opne leda mot havet. Dette var under ein stor storm. Dahud gjekk med på å stela nøklane frå lekkja kring halen åt faren, og opna byporten. Ei stor flobåre svelgde byen med det same, men Gradlon kom seg unna på ein svart trolldomshest. Då han ville ha med Dahud, ville ikkje hesten bera han, og dei sokk ned. Sankt Gwenolé råda då kongen til å sleppe Dahud for å berge seg sjølv. Kongen gjekk med på det, og Dahud vart teken av havet. Gradlon bygde ein ny by i Quimper lenger inn på land, og rådde derifrå seinare.

Ys og Paris[endre | endre wikiteksten]

Segna seier at Ys, den låge byen, skal reise seg frå havet den dagen Paris søkker. Pa vo beuzet Paris, Ec'h adsavo Ker Is. På bretonsk tyder Par-is "likskap med Ys".

Soga om Ys var ukjend alle andre stader enn i Bretagne, men vart samla inn og skriven ned i 1839 av T. Herzat de Villemarque i samlinga Barzaz Breizh.Denne soga er ei av dei eldste i samlinga. Det finst og leivningar av soga hjå Marie de France. Seinare vart forteljinga inspirasjon for andre verk, mellom anna musikkstykke av Claude Debussy.

Teikneserien Bran Ruz tek og utgangspunkt i denne forteljinga.

Segna minnar elles noko om Atlantis-myten.