Zaan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zaan ved Zaanse Schans.

Zaan er ei lita elv i provinsen Noord-Holland i Nederland. Elva var opphavleg ein sidearm av IJbukta. Ho renn om lag 10 km gjennom kommunen Zaanstad nord for Amsterdam, frå West-Knollendam i nord til Zaandam i sør der ho munnar ut i IJbukta.

Elva renn forbi Zaanse Schans, ein landsby med historiske vindmøller og hus, og som er ein populær turistattraksjon i Nederland.

Fleire byar langs Zaan er òg kalla opp etter elva Koog aan de Zaan, Westzaan, Oostzaan, Zaandijk og byen Zaandam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 52°28′11″N 4°49′35″E