Noord-Holland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Provincie Noord-Holland Provinsen Nord-Holland |
|||||
|
|||||
| Hovudstad | Haarlem | ||||
| Største by | Amsterdam | ||||
| Dronninga sin kommissær | Harry Borghouts | ||||
| Religion (1999) | protestant 10% romersk-katolsk 20% jødisk 0,75% |
||||
| Areal • Land • Vatn |
2 670 km² (6.) 1 421 km² |
||||
| Folketal (2006) • Totalt • Folketettleik |
2 606 584 (2.) 976/km² (2.) |
||||
| Hymne | «Ik houd van het groen in je wei» | ||||
| Offisiell nettstad | www.noord-holland.nl | ||||
Noord-Holland vestfrisisk Noôrd-Holland) er ein provins i Nederland og ligg nordvest i landet. Administrasjonssenteret er Haarlem og andre store byar i provinsen er hovudstaden i landet, Amsterdam, Hilversum, Den Helder, Alkmaar, Zaandam og Hoorn.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Noord-Holland dannar ei halvøy mellom Nordsjøen og IJsselmeer. Meir enn halvparten av provinsen består av polderar, som tidlegare var under sjø eller vatn, og ligg derfor under havnivå. Øya Texel er òg ein del av Noord-Holland.
[endre] Historie
Provinsen Noord-Holland vart oppretta i 1840, då provinsen Holland vart delt i ein nordleg og ein sørleg del (Zuid-Holland) I 1940 vart øyane Vlieland og Terschelling overført til provinsen Friesland. I 1950 vart den tidlegare øya Urk ein del av provinsen Overijssel. I perioden under Dei sameinte Nederlanda var provinsen Holland kjend som provinsen «Holland og West-Friesland». Våpenskjoldet til Noord-Holland syner framleis dette.
[endre] Kommunar
Noord-Holland er delt inn i 61 kommunar:
West-Friesland er ein region som er ein del av Noord-Holland, og ikkje ein del av provinsen Friesland. Regionen består av kommunane Alkmaar, Andijk, Drechterland, Enkhuizen, Harenkarspel, Heerhugowaard, Hoorn, Koggenland, Langedijk, Medemblik, Niedorp, Opmeer, Schagen, Stede Broec og Wervershoof.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettside
- Grunnleggjande informasjon
- Kart over provinsen
- Offisiell turistside
- Bilete frå Noord-Holland
- Haarlem Shuffle
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «North Holland» frå Engelsk Wikipedia, den 15. februar 2008.
|
|
|
|---|---|
| Drenthe • Flevoland • Friesland • Gelderland • Groningen • Limburg • Noord-Brabant • Noord-Holland • Overijssel • Zuid-Holland • Utrecht • Zeeland | |

