Zaporozje-kosakkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ukrainske kosakkiske leiarar

Zaporozje-kosakkar, eller berre zaporozjarar (ukrainsk Запорожці Zaporozjtsi, polsk Kozacy zaporoscy) var ukrainske kosakkar som budde på andre sida av stryka ved Dnepr, området som vart kalla Dei store engene i Sentral-Ukraina. I dag er det meste av dette området underlagt vatn av Kakhovkareservoaret.

Zaporozjisk Sitsj voks raskt på 1400-talet då liveigne bønder flykta frå meir kontrollerte delar av Det polsk-litauiske samveldet[1] og oppretta ei politisk eining med eit parlamentarisk system som styre. Frå 1500- til 1700-talet vart zaporozje-kosakkane ein sterk politisk og militær styrke som utfordra styresmaktene i Polen-Litauen, tsardømet Russland, Det osmanske riket og den osmanske vasallstaten Krimkhanatet. Hæren gjekk gjennom ei rekkje konfliktar og alliansar med dei tre maktene før dei fall under det russiske makta og til slutt vart oppløyst med tvang seint på 1700-talet av Det russiske imperiet. Det meste av folkesetnaden vart flytta til Kuban-området sør i Det russiske imperiet. Kosakkane spelte der ei viktig rolle i å forsvare imperiet mot aggressive kaukasiske folk og til gjengjeld fekk dei mykje fridom av tsarane.

Namnet Zaporozje kjem av plasseringa til festninga deira i Zaporozjzjija, som tyder «landet på andre sida av stryka».

Sjå òg [endre]

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zaporozje-kosakkar