Dnepr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°30′00″N 32°20′00″E
Dnepr
russisk Днепр (Dnepr)
kviterussisk Дняпро (Dniapro)
ukrainsk Дніпро (Dnipro)
elv
none  Dnepr sett frå toppen av ein ås i Kiev i Ukraina
Dnepr sett frå toppen av ein ås i Kiev i Ukraina
Land Flag of Russia.svg Russland, Flag of Belarus.svg Kviterussland Flag of Ukraine.svg Ukraina
Tilløp
 - venstre Sozj, Desna, Trubizj, Supiy, Sula, Psel, Vorskla, Samara, Konka, Bilozerka
 - høgre Drut, Berezina, Pripjat, Teteriv, Irpin, Stuhna, Ros, Tjasmyn, Bazavluk, Inhulets
Byar Dorogobuzj, Smolensk, Mahilyow, Kiev, Tsjerkasy, Dnipropetrovsk
Kjelde
 - stad Valdaihøgdene, Russland
 - høgd 220 moh
 - koordinatar 55°52′00″N 33°41′00″E
Munning Svartehavet
 - koordinatar 46°30′00″N 32°20′00″E
Lengd 2 290 km
Nedslagsfelt 516 300 km²
Vassføring for Kherson
 - middel 1 670 /s
Dnepr-vassdraget
Dnepr-vassdraget
Wikimedia Commons: Dnieper River

Dnepr (russisk: Днепр, Dnepr, kviterussisk: Дняпро, Dniapro, ukrainsk: Дніпро, Dnipro) er ei elv som renn frå Russland, gjennom Kviterussland og Ukraina, før ho renn ut i Svartehavet. Den totale lengda hennar er 2 285 km, der 485 km er i Russland, 595 km i Kviterussland og 1 095 km i Ukraina. Dnepr sitt nedslagfelt er heile 504 000 km², der 289 000 km² er innanfor Ukraina[1]

Dnepr har sitt utspring i torvmyrar i Valdaihøgdene i Russland, i ei høgd på 220 meter. [1] Ho renn hovudsakleg sørover, og renn til slutt ut i Svartehavet. 115 km av elva er ei naturleg grense mellom Kviterussland og Ukraina. Om lag 800 km av elva er ei rekkje av nesten samanhengande reservoar.

Dnepr er knytt til Vestre Bug gjennom Dnepr-Bug-kanalen. Elvemunningen eller limanen vart tidlegare verna av festninga Otsjakiv.

Dnepr i Dorogobuzj i Russland, før 1917.
Dnepr i Kherson i Ukraina.
Dnepr i Krementchuk

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sideelver til Dnepr[endre | endre wikiteksten]

Dnepr har mange sideelver, og dei viktigaste er nemnd her i orografisk rekkefølgje.

Reservoar[endre | endre wikiteksten]

Dei siste 800 kilometrane før Dnepr renn ut i Svartehavet er nesten ei samanhengande rekkje av reservoar, og alle ligg innanfor Ukraina. Dei vart bygd langs elva i lag med vasskraftverka under Sovjetunionen. Desse vasskraftverka utgjer om lag ti prosent av generert energi i Ukraina. Reservoara inkluderer: Kiev (922 km²), Kaniv (675 km²), Krementsjuk (2 250 km²), Dniprodzerzjynsk (567 km²), Dnepr (420 km²) og Kakhovka (2 155 km²). Demningane som dannar desse vert brukt til å generere energi.

Byar og landsbyar ved Dnepr[endre | endre wikiteksten]

Byar og landsbyar langs Dneper er nemnd her frå kjelda til elva (i Russland) og til munningen (i Ukraina):

Arheimar, hovustaden til gotarane, låg ved Dnepr i følgje Hervarar saga.

Satellittbilete av Dnepr og sideelvene hennar.

Skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Dnepr er ei viktig transportåre og viktig for økonomien i Ukraina, og alle reservoara er utstyrt med store sluser, slik at skip så store som 270×18 meter kan gå heilt opp til Kiev. Elva vert òg brukt til å transportere passasjerar, og innlandscruise på elvar som Dnepr og Donau har vore eit veksande marked dei siste åra.

Vidare oppover frå Kiev får Dnepr vatn frå elva Pripjat. Denne er det òg mogeleg å segle på, og ho er knytt til Dnepr-Bug-kanalen, som går til elva Bug. Det er i utgangspunktet mogeleg å knyte elva til dei vesteuropeiske kanalane, men ei demning utan sluse nær Brest i Kviterussland hindrar denne moglegheita. Det politiske forholdet mellom Vest-Europa og Kviterussland gjer at ein ikkje reknar med at dette kjem til å bli ein realitet på lang tid. [2]

Kraftverk[endre | endre wikiteksten]

Elva er vidkjend for demningane sine, som ofte er utropt som nokre av bragdene til den sovjetiske industrien. Den mest vidkjende er DnieproGES nær Zaporizjia, som vart bygd i 1927-1932 genererer årleg 558 MW. Under Den andre verdskrigen vart kraftverket totalt øydelagt, og i 1948 vart demninga bygd opp att på ny med hjelp av arbeidskraft frå Gulag-leirane. Denne gongen vart kapasiteten auka til 750 MW.

Vasskraftverk vart bygd i Krementsjuk i 1954-60, nær Kiev i 1960-64, i Dniprodzerzjynsk i 1956–64, og i Kaniv i 1963–75.

Namn[endre | endre wikiteksten]

I alle tre landa har elva hovudsakleg det same namnet, sjølv om det vert uttala noko forskjellig, på russisk Днепр eller Dnepr, på kviterussisk Дняпро eller Dniapro og på ukrainsk Дніпро eller Dnipro. Elva vart først nemnd i det antikke Hellas av historikaren Herodotus500-talet fvt. som Borysthenes (Βορυσθένης). Seinare kalla grekarane og romarane elva for Δαναπρις - Danapris og Danaper. Det gammalaustslaviske namnet på tida rundt Kievriket var Slavutitsj «den slaviske (elva)», hunarane kalla ho Var og bulgararane Buri-Tsjai.

Namnet Dnepr kjem frå sarmatariske ordet Dānu apara, «elva bakfrå».[3]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 http://www.encyclopediaofukraine.com/display.asp?AddButton=pages\D\N\DnieperRiver.htm
  2. NoorderSoft Waterways Database
  3. Mallory, J.P. and Victor H. Mair. The Tarim Mummies: Ancient China and the Mystery of the Earliest Peoples from the West. London: Thames and Hudson, 2000. p. 106

Kjelder[endre | endre wikiteksten]



Dnepr
Dnepr Basin River Town Polski.png
Sideelvar: Drut (H) • Berezina (H) • Sozj (V) • Pripjat (H) • Teteriv (H) • Irpin (H) • Desna (V) • Stuhna (H) • Trubizj (V) • Ros (H) • Tjasmyn (H) • Supij (V) • Sula (V) • Psyol (V) • Vorskla (V) • Samara (V) • Konka (LV) • Bilozerka (V) • Bazavluk (H) • Inhulets (H)
Reservoar: DneprDniprodzerzjynskKakhovkaKanivKievKrementsjuk