Zine El Abidine Ben Ali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zine El Abidine Ben Ali i 2004.

Zine El Abidine Ben Ali[1] (fødd 3. september 1936) , er ein tunisisk general og politikar, og var president i Tunisia frå 7. november 1987, då han tok makta ved eit statskupp, til 14. januar 2011, då han måtte gå av etter omfattande demonstrasjonar i landet. Ben Ali leiar regjeringspartiet Konstitusjonell demokratisk samling[2], som tidlegare var det einaste lovlege partiet i Tunisia.

Zine El Abidine Ben Ali var fødd i Hammam Sousse, ein kystby nordaust i Tunisia. Han gjorde militær og diplomatisk karriere før han vart med i regjeringa i 1978. Frå 1984 var han innanriksminister, og ansvarleg for kampen mot politisk opposisjon i eittpartistaten, inkludert islamske fundamentalistar. 1. oktober 1987 vart han statsminister, og dermed etterfylgjaren til presidenten. I november same året fekk han den 84 år gamle presidenten, Habib Bourguiba, erklært senil, og avsette han i eit ublodig kupp.

Politikken til Ben Ali har vore vestleg orientert. Han har tillatt andre politiske parti, og val, men vala har ikkje vorte rekna som frie og rettferdige av utanlandske observatørar. Særskilt er islamistane utestengde frå vala. I 1999 vart det for første gong heldt presidentval med motkandidatar til Ben Ali. Han vann offisielt dette valet med 99,7 % av røystene. 24. oktober 2004 vart han gjenvald, denne gongen med 94,5 % av røystene, i fylgje dei offisielle resultata.

I fylgje menneskerettsgrupper, som Amnesty International, var ytrings- og forsamlingsfridomen i Tunisia under Ben Ali alvorleg avgrensa. Det vart rapportert om tortur, og hundrevis av politisk fangar hadde site fengsla i mange år.

Ben Ali vart tvinga til å gå av 14. januar 2011, etter omfattande demonstrasjonar mot han i nesten ein månad. Han reiste i eksil til Saudi-Arabia.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. arabisk زين العابدين بن علي
  2. Rassemblement Constitutionel Démocratique/التجمع الدستوري الديمقراطي
Føregjengar
Habib Bourguiba
President i Tunisia
19872011
Etterfylgjar
Fouad Mebazaa