Tunisia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
الجمهورية التونسية

El-joumhouriyya et-Tounisiyya (norsk: Tunisia, tunisisk)

Det tunisiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Humat al-hima»
Motto Orden, fridom og rettferd.
Geografisk plassering av Tunisia
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Tunis
Styresett
Republikk
Fouad Mebazaa (fungerande)
Beji Caid el Sebsi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
163 610 km² (91.)
5,0 %
Folketal
 – Estimert (2011)
 – Folketeljing (1994)
 – Tettleik
 
10 629 186 (78.)
8 785 711
65 /km² (133.)
Sjølvstende
frå Frankrike
5. juli 1962
Nasjonaldag 1. november
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
100 300 mill. USD (69.)
9 500 USD (90.)
Valuta Tunisisk dinar
Tidssone UTC +1
Telefonkode +213
Toppnivådomene .tn


Tunisia er ein arabisk republikk i Nord-Afrika. Landet grensar til Algerie i vest og Libya i aust. Det var fransk protektorat frå 1881 til 1956.

Kart over Tunisia

[endre] Klima

Austkysten av Tunisia har eit middelhavsklima med varme og solrike somrar, og milde og våtare vintrar. Av og til kan lågtrykk i Middelhavet føre til kaldt og regnfullt vêr på vinterstid. Tunis har ein normal årsnedbør på 422 mm, medan Gafsa som ligg i dei indre områda berre har 152 mm. Fjellområda og sentrale område av Tunisia kan ha ganske så varieret vêr. Vinteren kan vere kald, og dei høgaste toppane kan få snø, medan sommaren er varm med temperaturar over 40 °C over store område, og i somme tilfelle opp mot 50 °C. Når dei varme luftmassane frå Sahara møter dei kjøligare luftmassane frå Europa på våren kan det oppstå små lågtrykk over ørkenen, som kan gje vind og regnbyger. Ofte kan derimot regnet fordampe før det når bakken (virga) og alt ein får er ein sandstorm.

Satellittfoto av Tunisia
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk