Zoonose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Zoonose eller zoonotisk sjukdom er namnet på infeksjonssjukdommar som kan overførast frå menneske til dyr og omvendt. Smitten vert overført direkte, eller via mat, forureining, vatn eller biologisk vektor (som insekt). Smittestoffa er bakteriar, virus, prionar, sopp og parasittar.

Døme på sjukdommar er dei årsaka av salmonella (som salmonellose), bakteriegruppa campylobactar (kam gje diaré), bakterien yersinia entercolitica (kan gje yersiniose), listeria-bakterien (som gjev listeriose), bakterien e.coli.

Tuberkulose, tricinose, kugalskap, rabies og brucellose er òg zoonotisk.

I Noreg har Veterinærinstituttet ansvar for å overvake utviklinga av zoonosar her til lands, og rapporterer årleg til EU, gjennom Zoonoserapporten, som vert laga i samarbeid med Mattilsynet, Folkehelseinstituttet og andre sentrale organ.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]