Mattilsynet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mattilsynet er ein norsk statsetat som skal ha tilsyn med plantar, fisk, dyr og næringsmiddel. Det bidreg til å sikra forbrukarar helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn.

Mattilsynet blei oppretta i 2004 ved at fire statlege tilsynsetatar (Statens dyrehelsetilsyn, Statens landbrukstilsyn, Statens nærinsmiddeltilsyn, sjømatdelen av Fiskeridirektoratet) og 89 kommunale næringsmiddeltilsyn blei slegne saman. Føremålet var å skape eit felles og einskapleg tilsyn, med ansvar for heile kjeda frå jord og fjord til bord.

Mattilsynet har i dag hovudkontor (Oslo), åtte regionkontor og 54 distriktskontor. I alt har etaten om lag 70 kontorstader.

Mattilsynet er underlagt tre departement; Landbruks- og matdepartementet (LMD), Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) og Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Det administrative ansvaret for etaten ligg hos LMD.

Regionane i Mattilsynet[endre | endre wikiteksten]

  • Regionkontoret for Troms og Finnmark (Kautokeino)
  • Regionkontoret for Nordland (Sortland).
  • Regionkontoret for Trøndelag, Møre og Romsdal (Steinkjer)
  • Regionkontoret for Hordaland, Sogn og Fjordane (Bergen).
  • Regionkontoret for Rogaland og Agder (Sandnes).
  • Regionkontoret for Buskerud, Vestfold og Telemark ()
  • Regionkontoret for Oslo, Akershus og Østfold (Ås).
  • Regionkontoret for Hedmark og Oppland (Brumunddal).

Arbeidsområdet til Mattilsynet[endre | endre wikiteksten]

Mattilsynet forvaltar alle lovene som handlar om produksjon og omsetnad av mat, det vil seie matkjeda frå jord og fjord til bord. Dette omfattar alle verksemder innan primærproduksjon, næringsmiddelindustri og småskalaproduksjon, importørar, daglegvarebutikkar og alle slag serveringsstader. Mattilsynet har óg tilsyn med veterinærar og anna dyrehelsepersonell, med dei som behandlar biprodukt (til dømes slakteavfall), og med alle som held dyr (også private). Det er også Mattilsynet som fører tilsyn med kosmetikk og kroppspleieprodukt, og med omsetnad av legemiddel utanom apotek.

Dyrevelferd er eit viktig tilsynsområde. Mattilsynet fører tilsyn med dyrevelferd både i profesjonelle dyrehald og hos private.

Lovverket[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste lovene på Mattilsynet sitt område er:

Matlova, som skal sikre forbrukarane helsemessig trygg mat og trygt drikkevann, fremje god helse, samt ivareta miljøvennleg produksjon og hindre spreiing av dyre- og plantesjukdommar.

Dyrevelferdslova, som skal sikre at dyr, også fisk, blir behandla godt.

Kosmetikklova, som skal medverke til at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr.

Mattilsynet har vidare også ansvar for lov om veterinærar og anna dyrehelsepersonell (dyrehelsepersonellova), lov om planteforedlerrett (planteforedlerloven) og lov om husdyravl (husdyravlsloven).

Til alle desse lovene er det utarbeidd forskrifter med meir detaljerte føresegner. Det aller meste av lovene og forskriftene inngår i EØS-avtalen og er felles europeisk regelverk.

Joakim Lystad var administrerande direktør frå etaten blei oppretta til september 2010.

Harald Gjein er administrerande direktør frå juni 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]