DS «Vesleper»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå «Norvegia»)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Norvegia» i Antarktis rundt 1930.

«Vesleper» (1918–33) var ei ishavsskute kjent frå Norvegia-ekspedisjonane. Ho var som systerskipet «Veslekari», konstruert av Christian Jensen for Winge & Co. i Kristiania og var i si den største ishavsskuta. Ho stod ferdig 27. februar 1919 ved Jacob M. Iversens verft i Son.[1] Ein 290 hk Compound dampmaskin vart montert i Skien, kjenneteiknet var K 6 K, endra til O 6 O i 1925. Den 114,3 fot lange og 285 brt tunge skuta hadde kostet 1,3 millionar kroner, men låg i nedgangstidene mest i ro ved Blomvåg.

Ho vart 16. mai 1927[2] seld for 25 000 kroner til Bryde & Dahls Hvalfangerselskap i Sandefjord og omdøypt til «Norvegia». Skuta vart brukt i dei fire Norvegia-ekspedisjonane til Antarktis for å finne kval og annektere Bouvetøya.

Ho vart 16. juni 1931 seld til Elling Aarseth reiarlag i Ålesund og omdøypt til «Kvitøy» (M 3 VD). Med Isak Remø bak roret vart ho nedskrudd i Vestisen 19. mars 1933, og dei 25 ombord vart redda av «Quest».[3]

Mount Norvegia i Enderby Land er kalla opp etter båten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reidar Johansen. «Dampskipet Norvegia». Follo Avis. 
  2. Oddvar Larsen og Ragnar Iversen. «1927 Norvegia» (norsk). Sandefjord: Lardex Group. 
  3. Magnus Sefland (2001). «Ishavsskuta "Norvegia"» (PDF). Isflaket. Ishavsmuseet Aarvaks venner.