Son

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For staden ved Oslofjorden, sjå Son i Noreg.
Amerikansk mann med son.
Kong Chulalongkorn av Siam (ytst til høgre) med nokre av dei totalt 33 sønene sine, ved Eton College i 1897

Son er eit avkom som er hankjønn; ein gut eller mann i høve til foreldra sine. Det tilsvarande kvinnelege omgrepet er dotter.[1]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Son kjem frå norrønt sonr, sunr,[1] igjen avleidd av germansk *sunu-, frå indoeuropeisk sūnús- – som tyder 'fødsel, foster, son'. Bokmål sønn er eit lånord frå dansk, som igjen kjem frå gammaldansk syn, søn (som tyder 'søner'). Den danske forma erstatta den opphavlege norske forma «son».

Den indoeuropeiske forma sūnús- er avleidd av *seuə-, som tyder 'føde'. Denne forma er att i gresk huiós, litauisk sūnùs, russisk syn, sanskrit sūnúh-, tokarisk A sjå, og tokarisk B soy.[2]

Latin filius (som gjev fransk fils) kjem av ei anna indoeuropeisk rot, nemleg *dhē(i)-, som tyder 'dia, suga'.[2]

Søner i samfunn[endre | endre wikiteksten]

I førindustrialiserte samfunn, og i nokre eksisterande statar med jordbruksbaserte økonomiar, har søner hatt høgare verdi enn døtrer, noko som gjev menn høgare sosial status; dette er på grunn av den større muskelmassen til menn, og dermed evna til å utføra fysisk jordbruksarbeid meir effektivt. I samfunn som fører slekt gjennom farslinja vil søner etter skikk arva eigedom før døtrer. I visse kulturar har den eldste sonen fått spesielle privilegium. Til dømes så fekk i bibelsk tid førstefødde gutar testamentert meir av eigedomen til faren.

I Kina blei eittbarnspolitikken innført for å motverka kraftige befolkningsvekst. Offisielle fødselsregister har vist ein auke i mengd fødde guttebarn sidan loven blei innført. Dette har blitt tilskrive ei rekkje faktorar, inkludert ulovleg kjønnsselektiv abort, og utbreidd fråvere av rapportering av jentefødslar.

Visse japanske sosialnormer som involverer den eldste sonen er «at det er meir sannsynleg at foreldre lever med dert eldste barnet sitt og det eldste barnt er ein son» og «at foreldre mest sannsynleg lever med den eldste sonen sjølv om han ikkje er det eldste barnet deira.»

Spesialisert bruk av «son»[endre | endre wikiteksten]

Kristen symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon til døypinga av Jesus frå Klosterneuburger Evangelienwerk frå 1300-talet.

Blant kristne refererer «Sonen» til Jesus Kristus. Ifølgje fleire evangelium blir Jesus omtalt som son av ei røyst frå himmelen i samband med at han blir døypt av Johannes døyparen, som i Matt 3,17: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»[3] I evangelia refererer av og til Jesus til seg sjølv som «Menneskesonen». Trinitariske kristne ser Jesus som den menneskelege inkarnasjonen av den andre personen i Treeininga, kjent som Guds son.

I semittiske namn[endre | endre wikiteksten]

Det arabiske ordet for son er ibn. Fordi familie og ætt er viktige kulturelle verdiar i den arabiske verda og islam brukar arabere og dei fleste muslimar bin, som kjem av ibn i det fulle namnet deira. Her tyder bin «son av». Eit døme er det arabiske namnet Saleh bin Tarif bin Khaled Al-Fulani, som tyder «Saleh, son av Tarif, son av Khaledi, av familien Al-Fulani». Det motsette av ibn/bin er abu, som tyder «far av». Det er eit retronym som vert gjeve ved fødselen av ein førstefødd son, og vert brukt som eit kallenamn for å indikera status som far i staden som eit familienamn. Eksempelvis vil då ein som heiter Mahmoud, med ein førstefødd son som heiter Abdullah, kunne kallast «Abu Abdullah».

Dette er kognat med hebraisk ben som i Judah ben Abram HaLevi – «Judah, son av Abram levitten». Ben er òg eit eigenamn.

Patronymikon[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Patronymikon.

I mange kulturar tyder etternamnet til familien «son av», som viser til opphav, og at familien stammar frå ein felles forgjengar. Det kan variera mellom å vera ved starten (ap, bin) eller slutten av etternamnet (-son, -sen).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «son» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 de Caprona, Yann: Norsk etymologisk ordbok, s. 50. Kagge Forlag (2014).
  3. Matt 3,17