Åse Gruda Skard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åse Gruda Skard
Åse Gruda Skard, 1941 (cropped).jpg
Fødd 2. desember 1905
Oslo
Død

13. august 1985
Bærum

Yrke psykolog, feminist, skribent
Åse Gruda Skard på Commons

Åse Gruda Skard (2. desember 190513. august 1985), fødd Koht, var ein norsk barnepsykolog og forkjempar for kvinnesaka frå Oslo. Skard vart den første kvinna i landet som oppnådde magistergrad i psykologi i 1931 ved Universitetet i Oslo, og fekk tilnamnet «hele Norges bestemor».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Foreldra hennar var Karen Grude Koht og Halvdan Koht. Ho vart i 1933 gift med litteraturforskaren Sigmund Skard. Saman fekk dei fem barn, mellom dei Halvdan Skard, Torild Skard og Målfrid Grude Flekkøy.

Åse Gruda Skard arbeidde i over tretti år som dosent i barnepsykologi ved Universitetet i Oslo (1947–1973). I 1934 etablerte ho Norsk Psykologiforening og sat som leiar frå 1945 til 1949. Under andre verdskrigen arbeidde ho ved Wilson College i USA, der ho mellom anna tala Noreg si sak. Ho var redaktør for Norsk Pedagogisk Tidsskrift i åra 1936–1970 ([1]).

Gjennom ei rad føredrag, over to tusen artiklar og tjuefire fagbøker, var ho ein viktig meiningsdannar i Noreg etter krigen. I boka Ungene våre (1948) talar ho for korleis den moderne familien skal la meiningane til ungane koma fram i større grad. Ho tala til Norsk Kvinnesaksforening om kor viktig det var at kvinner i større grad nytta dei ulike sjansane samfunnet bydde på (1953).

Som forkjempar for born sine rettar bidrog Skard til opprettinga av eit nasjonalt barneombod. Ho kan seiast å vera den første norske mediapsykologen. I ei årrekkje sat ho i Kringkastingsrådet for NRK, der ho var sterk pådrivar for programmet Foreldrenes Kvarter, Barnetimen for de minste og Lørdagsbarnetimen. Ho medverka òg i tv-serien Mattis.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]